Even Eriksen
Utsjånad
| Even Eriksen | |||
| | |||
| Fødd | 7. juli 1995 (30 år) | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar, jurist | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
| Alle verv |
| ||
Even Eriksen (fødd 7. juli 1995) er ein norsk jurist og politikar frå Trysil. Mellom 2021 og 2023 var han stortingsrepresentant frå Hedmark for Arbeidarpartiet.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Eriksen er utdanna jurist ved Universitetet i Oslo. Han var frå 2015 medlem i kommunestyret og formannskapet i Trysil, frå 2019 også medlem av fylkestinget i Innlandet. Etter stortingsvalet 2021 rykte han inn på Stortinget då Anette Trettebergstuen vart statsråd i Støre-regjeringa. Han måtte forlate stortings-taburetten då Trettebergstuen vart tvinga til å gå ut av regjeringa i juni 2023. I august 2023 fekk han jobb som statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet.