Even Evensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Even Evensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. august 1826
Død

7. juni 1909 (82 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Even Evensen (12. august 18267. juni 1909) var ein norskembetsmann og stortingsmann, fødd og død i Drammen.

Evensen var son til ein arbeidar. Sjølv vart han student i 1849 og cand.jur. allereie to år etter. Han arbeidde som kopist i Justisdepartementet og var så nokre år fullmektig ved sorenskrivar- og byfutkontor. Konstituert byfut i Kristiansand i seks år, deretter overrettsakførar i byen frå 1860. I 1868 skifta Evensen beite då han vart utnemnd til fut og sorenskrivar i Tana. Få år seinare vart han byfut i Skien, der han ei tid var fungerande amtmann i Bratsbergs amt. Han avslutta arbeidslivet med å vere byfut i fødebyen Drammen frå 1884 heilt fram til 1907.

Evensen vart vald til fyrste representant for Finmarkens amt til Stortinget 1871-73 og seinare også for den neste treårsbolken. I den fyrste treårsperioden var han medlem av vegkomiteen, samt sekretær i Odelstinget. Han heldt fram i vegkomiteen også i den andre perioden, men var då sekretær i Stortinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]