Even Hanssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Even Hanssen
Fødd 7. juli 1790
Asker
Død

15. november 1840
Furnes

Even Hanssen (7. juli 179015. februar 1840) var ein norsk fut frå Asker, som møtte på 1833-stortinget. Han var far til Johan Hanssen.

Even Hanssen var son til ein gardbrukar i Haslum sokn. Sjølv vart han cand.jur. i 1813. Han var fullmektig i Marinedepartementet frå 1818 til han i 1826 vart tilsett fut i Sunnfjord og Nordfjord.

Ved valtinget 1829 i Nordre Bergenhus vart han vald til 1. varamann til Stortinget 1830, vart ikkje innkalla. Ved det neste stortingsvalet vart han kåra til 1. representant frå Nordre Bergenhus amt, på tinget var sekretær i Gasje-, pensjons-, budsjett- og skattevesen-komiteen.

Frå 1833 til han døydde på sin eigen gard, Freberg i Furnes herad, var Hanssen fut i Hedmarken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]