Even Hovdhaugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Even Hovdhaugen
Fødd21. juni 1941
Død16. oktober 2018
Bærum
NasjonalitetNoreg
Yrkespråkforskar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Københavns Universitet
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Even Hovdhaugen (21. juni 194116. oktober 2018), var ein norsk språkforskar, professor i lingvistikk ved Universitetet i Oslo, son til stortingsrepresentanten Einar Hovdhaugen.

Even Hovdhaugen fekk magistergraden i 1966 basert på eit arbeid om eit emne ved vokalismen i armensk og gresk i lys av laryngalteorien. Han var tidleg i karrieren influert av chomskyansk lingvistikk, og skreiv ei innføring i generativ grammatikk (Hovdhaugen 1969). Han gjorde også feltarbeid innanfor tyrkiske språk, til dømes tsjuvasjisk.

Med bakgrunnen sin innanfor komparativ språkforsking, og kjennskap til den latinske grammatiske tradisjonen, hadde Hovdhaugen eit godt utgangspunkt for faghistorisk arbeid. Her publiserte han særleg om eldre faghistorie, og han var òg med på storverket om lingvistikkens historie i Norden frå 2000. Elles var han også oppteken av arbeida til den talmessig kanskje største undergruppa av lingvistar, nemleg misjonærane.

Sidan starten på 1980-talet arbeidde Hovdhaugen som feltlingvist. Han skreiv deskriptive grammatikkar over fleire austronesiske språk, mellom anna tokelauisk, samoansk og pileni.

Hovdhaugen var formann i Instituttet for sammenlignende kulturforskning frå 1986 til 1991.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Hovdhaugen, Even 1966: Protetisk vokal i armensk og gresk i lys av laryngalteorien. Avhandling (magistergrad) - Universitetet i Oslo, 1966.
  • Hovdhaugen, Even 1969: Transformasjonell generativ grammatikk : en innføring. Oslo : Universitetsforl., c1969.
  • Hovdhaugen, Even 1982: Foundations of Western linguistics : from the beginning to the end of the first millenium A.D.. Oslo : Universitetsforlaget, c1982.
  • Hovdhaugen, Even (ed.) 1996: -and the word was God : missionary linguistics and missionary grammar. Studium Sprachwissenschaft. Beiheft ; 25. Münster : Nodus Publikationen, c1996.
  • Hovdhaugen, Even (et al) 1989: A Handbook of the Tokelau language. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B, Skrifter ; 77. Oslo : Norwegian University Press.
  • Hovdhaugen, Even 1993: Phonetic vowel length in Samoan. Oceanic linguistics.Vol. 31:.281-285. 1993
  • The Historiography of Linguistics in Norway in the 20th Century. In Herbert E. Brekle, Edeltraud Dobnig-Jülch, Helmut Weiss (Eds.) A Science in the Making. The Regensburg Symposia on European Linguistic Historiography. Münster. Nodus Publikationen 1996,95-105
  • Hovdhaugen, Even, Fred Karlsson, Carol Henriksen, Bengt Sigurd 2000: The History of linguistics in the Nordic countries. Societas scientiarum Fennica, 2000.
  • Hovdhaugen, Even, Åshild Hæss og Ingjerd Hoëm 2002: Pileni texts with a Pileni-English vocabulary and an English-Pileni finderlist. Occasional papers / The Kon-Tiki Museum ; vol. 7 Oslo : The Kon-Tiki Museum, Institute for Pacific Archaeology and Cultural History.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]