Even Menachem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Even Menachem
landsby
Land  Israel
Region Vest-Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Ma'ale Yosef
Koordinatar 33°4′25.78″N 35°17′41.78″E / 33.0738278°N 35.2949389°E / 33.0738278; 35.2949389
Folketal 269  (2012)[1]
Grunnlagd 13. september 1960
 - Grunnlagd av Nordafrikanske emigrantar
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Even Menachem
33°04′26″N 35°17′42″E / 33.073827777778°N 35.294938888889°E / 33.073827777778; 35.294938888889

Even Menachem (hebraisk אֶבֶן מְנַחֵם) er ein moshav nord i Israel. Han ligg i Vest-Galilea, kring seks kilometer nordvest for Ma'alot-Tarshiha og høyrer til Ma'ale Yosef regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 269.[1]

Moshaven vart grunnlagd den 13. september 1960 av emigrantar frå Nord-Afrika på landområdet som høyrte til den arabiske landsbyen Iqrit, der innbyggjarar vart forviste.[2][3] Han vart kalla opp etter Arthur Menachem Hantke, ein markant sionistleiar i førkrigstida i Tyskland.

Moshaven vart bombardert fleire gonger av Hizbollah gjennom historia, sidan han ligg nær den israelsk-libanesiske grensa. Den siste raketten råka landsbyen under Libanonkrigen i 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 9. oktober 2014. 
  2. Morris (2004), s.xvii.
  3. Khalidi (1992), s. 17

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]