Even Rejerson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Even Rejerson
Fødd22. oktober 1826
Laudal
Død11. desember 1890 (64 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, lærar, bonde
Alle verv

Even Rejerson (22. oktober 182611. desember 1890) var ein norsk lærar og stortingsmann frå Laudal i Vest-Agder.

Rejerson var son til ein bonde på garden Fidje i Laudal. Han gjekk ut frå Holt seminar i 1846 og var dei neste seks åra lærar i Holum. 1852/53 underviste han ved døveinstituttet i Kristiansand og var så lærar i Mandal 1854-56. Den lange perioden frå 1856 til 1888 var han lærar og kyrkjesongar i Holum. Etter han fram til 1876 hadde budd på skulegarden i bygda, busette han seg sin eigen gard, Kaddeland. Frå 1887 vart han statsrevisor.

Han var medlem av heradsstyret i Holum frå 1866 til -89. Fire av åra var han ordførar i heradet, 18 år varaordførar. Dessutan forlikskommissær med mange kommunale verv.

Rejerson representerte Lister og Mandals amtStortinget i seks samanhengande valbolkar, 1871-1888. Heile tida var han medlem av protokollkomiteen, sekretær i komiteen frå 1880. Han vart medlem av Venstre si partiforeining då denne vart skipa i 1884.

Han døydde i Kristiania i 1890.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]