Even Tolleivsson Nubberud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Even Tolleivsson Nubberud
Fødd17. januar 1778
Sigdal
Død11. mars 1859 (81 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde, politikar
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1821–1823)
  • vararepresentant til Stortinget (1815–1817)
  • vararepresentant til Stortinget (1818–1820) Sjå dette på Wikidata

Even Tolleivsson Nubberud (17. januar 177811. mars 1859) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Sigdal i Buskerud.

Even Tolleivsson var fødd på garden Rolstad i Sigdal. Ved folketeljinga 1801 budde han på garden, som den eldre broren hans hadde teke over, sjølv var han «Kleinsmed og arbejder for dagløn».[1] Sidan gifta han seg med enkja Live Torsteinsdotter (1762–1840) på garden Nubberud i Sigdal og var gardbrukar på Nubberud fram til han døydde.[2]

Even Nubberud var 1. representant frå Buskeruds amtStortinget 1821 og omframstortinget 1822. Han var medlem av fire komitear, der i mellom om skysslova. Både til Stortinget 1815-16 og 1818 vart han vald til 1. varamann.

Han døydde på garden sin i Sigdal i 1859.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]