Evenes kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Evenes)
Hopp til navigering Hopp til søk
Evenes kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Bogen
Areal 252 km²
 - land 242 km²
 - vatn 10 km²
Folketal 1 387 (1. januar 2018)
Folketettleik 6 / km²
Målform bokmål
Ordførar Svein E. Kristiansen (Høgre)
Kommunenummer 1853
NO 1853 Evenes.svg
Wikimedia Commons: Evenes
Nettstad: www.evenes.kommune.no

Evenes kommune (nordsamisk Ránda suohkan eller Evenášši suohkan) er ein kommune i Ofoten i Nordland fylke. Kommunen grenser mot Skånland i Troms i nord, og mot dei andre nordlandskommunane Tjeldsund i vest og Narvik i aust. Kommunesenteret heiter Bogen.

Kommunevåpenet, som blei godkjend i 1990, viser eit hjul i sølv mot raud bakgrunn. Dette viser til Evenes som kommunikasjonssenter.[1]

Næringsliv og transport[endre | endre wikiteksten]

Industrien i kommunen er «beskjeden», ifølgje Store Norske Leksikon.[1] Han ligg først og fremst i Bogen, med metallvareindustri som den viktigste bransjen. Servicenæringane har fått eit oppsving etter at lufthamna i byen opna i 1973, og då Forsvaret etablerte ein militær flystasjon her. I 2014 omfatta transportsektoren 24 prosent av arbeidsplassane i kommunen, og Evenes hadde den klart største delen i denne næringen blant kommunane i Nordland.[1]

Flyplassen Harstad/Narvik lufthamn, Evenes ligg i kommunen. Evenes flystasjon er ein militærbase.

Geografisk plassering[endre | endre wikiteksten]

Tettstader i kommunen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Thorsnæs, Geir (2. november 2017). «Evenes». Store norske leksikon. Henta 14. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.