Eventyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvitebjørn, illustrasjon Theodor Kittelsen
Ali Baba

Eit eventyr er enkelt sagt ei forteljing som ikkje gjev seg ut for å vera sann, i motsetnad til segna.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Eventyret har gjerne overnaturleg innhald og er som regel oppstått og overført på folkemunne. Forteljingane har likevel òg blitt påverka av eventyrsamlarar og forfattarar som har tolka dei på sin eigen måte.

Eventyra har hatt mange funksjonar, frå det reint underhaldande til oppseding. Sjølv om eventyr oftast vert rekna som barnelitteratur, er det også skrive eventyr med innhald klart mynta på vaksne.

Eventyra er ikkje knytt til ei bestemt tid eller rom, men føregår gjerne i ei verd der alt har ei meining og det magiske ikkje er overraskande.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Grupper[endre | endre wikiteksten]

Eventyra kan delast inn i tre hovudgrupper:

Aarne-Thompson-systemet er eit forsøk på å katalogisera folkeeventyr som blei vidareutvikla i ATU-systemet. Systemet er også blitt tilpassa norske folkeeventyr av Ørnulf Hodne.[1]

Kunsteventyr og folkeeventyr[endre | endre wikiteksten]

Ein kan også dela inn eventyr i kunsteventyr og folkeeventyr, der førstnemnde har ein kjend forfattar medan sistnemnde er kjend frå munnleg overlevering. Desse to typane kan likevel gli over i kvarandre, ettersom forfattarar av kunsteventyr ofte kan byggja på folkeeventyr.

Charles Perrault var tidleg ute med å gje franske folkeeventyr ei skriftleg form i «gåsemoreventyra» sine, Les Contes de ma mère l'Oye frå 1697. Medan Perralt gav støytet til å skriva ned folkeeventyr er den samtidige Madame d’Aulnoy blitt rekna som ein opphavsperson til kunsteventyret.[2] Ho innførte også den franske nemninga for eventyr, conte de fées, på fransk. Begge forfattarane kombinerte tradisjonelle soger med litterære uttrykksmåtar.[3]

Teoriar[endre | endre wikiteksten]

Det er mogleg å sjå felles strukturar/funksjonar i eventyra, og det finst fleire analysemetodar som kan nyttast; m.a. Vladimir Propps funksjonar, Olriks episke lover, aktantmodellen m.m.

Desse forteljingane har spreidd seg frå kultur til kultur med småendringar undervegs. Ved å sjå på nedskrivingar frå ulike tider kan ein spora til dømes eit norsk eventyr til Oldtids-India.

Særtrekk frå eventyrsjangeren kan også finnast i moderne journalistikk.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Brukerveiledning for eventyrsamlingen». UiO Institutt for kulturstudier og orientalske språk. 
  2. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok, 2:a uppl., Baltiska förlaget, Malmö 1947-1955 (swe), s. 814. Libris 3148191. 
  3. Sophie Raynard (2002). «63». La Seconde Préciosité (på fransk). Tübingen: Gunter Narr Verlag. ISBN 978-3-82335-542-7.