Evergreen, Volume 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Evergreen, Vol. 2
Studioalbum av The Stone Poneys
Språk engelsk
Utgjeve 12. juni 1967
Innspelt Spring 1967
Sjanger Folkrock
Lengd 32:51
Selskap Capitol
Produsent Nick Venet
The Stone Poneys-kronologi 
The Stone Poneys
(1967)
Evergreen, Vol. 2 Linda Ronstadt, Stone Poneys & Friends, Vol. III
(1968)


Singlar frå Evergreen, Vol. 2
  1. «One for One»
    Utgjeve: 15. mai 1967
  2. «Different Drum»
    Utgjeve: 25. september 1967
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Evergreen, Vol. 2 er det andre studioalbumet til Stone Poneys, gjeve ut fem månader etter debutplata The Stone Poneys i 1967. Det var det bestseljande av dei tre albuma Stone Poneys gav ut.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut på Capitol i juni 1967 i både monolyd og stereo.

I motsetnad til det første albumet, var Linda Ronstadt solovokalist på nesten alle songane, og berre få av songane vart sungen i lag i harmoni. Unntaket var tittelsporet «Evergreen» (som òg vart gjeven ut som B-sida til den første singelen frå albumet, «One for One»). Kenny Edwards song solo på «Part One», medan «Part Two» er ein instrumental. Begge partane har ei kjensle av psykedelisk rock med sitar spelt av Edwards.

Albumet inneheld den største hitten deira, «Different Drum», skriven av Mike Nesmith før han vart med i The Monkees. The Stone Poneys-versjonen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100-lista (med 'featuring Linda Ronstadt' trykt på singeletiketten). Edwards fortalte at originalinnspelinga deira var basert på ein versjon av The Greenbriar Boys frå albumet Better Late than Never! frå 1966. «Vår versjon var ganske lik den, med mandolin, ein slags jugbandaktig, bluegrass-lite-versjon.»[2] Plateprodusenten Nik Venet meinte at songen kunne bli ein hit og fekk Ronstadt til å spele han inn med andre musikarar. «Different Drum» gjekk først inn på lista i november 1967, etter at bandet hadde turnert i fire månadar for å marknadsføre albumet. Edwards hadde då alt slutta i Stone Poneys.

Den første singelen frå albumet, «One for One», gjekk ikkje inn på lista. Han var skriven i lag med Austin DeLone, som seinare var med i countryrockbandet Eggs Over Easy.[3]

Fem av songane var skrivne i lag av bandmedlemmane Bobby Kimmel og Edwards. Kimmel skreiv òg «New Hard Times» i lag med Mayne Smith, som var medlem i bluegrassbandet The Redwood Canyon Ramblers frå San Francisco.[4]

Mange av dei andre låtskrivarane på albumet, som Stone Poneys sjølv, var visemusikarar i Los Angeles som sleit med å slå gjennom. Steve Gillette bidrog med «Song about the Rain» og «Back on the Street Again», og song harmonivokal med Ronstadt på sistnemnde. Sunshine Company fekk den største hitten sin med «Back on the Street Again» (36. plassen på Billboard); og Gillette spelte han inn på det sjølvoppkalla debutalbumet.[5]

«December Dream» er opningssporet på albumet, og var skriven av John Braheny, som hadde ein kort karriere som visesongar før han gjekk inn i andre område av musikkindustrien. Fred Neil spelte inn songen på denne tida òg.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«December Dream»John Braheny3:30
2.«Song About the Rain»Steve Gillette2:40
3.«Autumn Afternoon»Ken Edwards/Bobby Kimmel2:35
4.«I've Got to Know»Pamela Polland2:38
5.«Evergreen (Part One)»Edwards/Kimmel3:10
6.«Evergreen (Part Two)»Edwards/Kimmel3:33
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Different Drum»Mike Nesmith2:45
2.«Driftin'»Edwards/Kimmel2:30
3.«One for One»Al Silverman/Austin DeLone2:50
4.«Back on the Street Again»Steve Gillette1:50
5.«Toys in Time»Edwards/Kimmel1:50
6.«New Hard Times»Mayne Smith/Kimmel3:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Andre musikarar[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Evergreen, Volume 2Allmusic. Henta 28. november 2020.
  2. Online excerpt, Richie Unterberger, Eight Miles High: Folk-Rock's Flight from Haight-Ashbury to Woodstock, 2003: Backbeat Books, ISBN 978-0-87930-743-1. Henta 5. april 2009.
  3. Thompson, Dave. Evergreen, Volume 2Allmusic. Henta 28. november 2020.
  4. Redwood Canyon Ramblers. Henta 28. november 2020.
  5. Roach, Pemberton. Evergreen, Volume 2Allmusic. Henta 28. november 2020.
  6. Erlewine, Stephen Thomas. Evergreen, Volume 2Allmusic. Henta 7. juni 2009.
  7. https://bringmethenews.com/life/linda-ronstadt-praises-minneapolis-music-legend