Every Beat of My Heart av Rod Stewart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Every Beat of My Heart
Studioalbum av Rod Stewart
Språk engelsk
Utgjeve 23. juni 1986
Innspelt 1985
Sjanger Rock, poprock
Lengd 42:41
Selskap Warner Bros.
Produsent Bob Ezrin
(utanom «Love Touch» – Michael Chapman)
Rod Stewart-kronologi 
Camouflage
(1984)
Every Beat of My Heart Out of Order
(1988)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
Rolling Stone(middels)[2]

Every Beat of My Heart er det 14. studioalbumet til Rod Stewart, gjeve ut i juni 1986 på Warner Bros. Records (WX 53 / 925 446-1). Albumet vart spelt inn i One on One Studios, Can Am Recorders, The Village Recorder, The Record Plant og Artisan Sound Recorders. Det vart gjeve ut fire singlar frå albumet «Love Touch», «Another Heartache», «In My Life» og «Every Beat of My Heart».

Albumet inneheld songen «Love Touch», som vart populær som kjenningsmelodi for Robert Redford-filmen Legal Eagles. Albumet inneheld òg ein coverversjon av Lennon–McCartney-songen «In My Life», ein av fleire gonger Stewart covra The Beatles. Songen vart gjeven ut på singel, men selde dårleg. I følgje omslaget er plata dedisert til foreldra til Stewart, Bob og Elsie Stewart.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Here To Eternity»Rod Stewart, Kevin Savigar6:01
2.«Another Heartache»Bryan Adams, Jim Vallance, Stewart, Randy Wayne4:29
3.«A Night Like This»Stewart4:20
4.«Who's Gonna Take Me Home»Stewart, Savigar, Jay Davis4:40
5.«Red Hot In Black»Stewart, Jim Cregan, Kevin Savigar3:17
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Love Touch»Mike Chapman, Gene Black, Holly Knight4:03
7.«In My Own Crazy Way»Stewart, Frankie Miller, Troy Seals, Eddie Setser3:12
8.«Every Beat of My Heart»Stewart, Kevin Savigar5:19
9.«Ten Days of Rain»Stewart, Savigar, Tony Brock5:17
10.«In My Life»John Lennon, Paul McCartney2:02

Medverkande[endre | endre wikiteksten]


Salslister[endre | endre wikiteksten]

Every Beat of My Heart nådde femteplassen i Storbritannia og 28. plassen i USA. Det selde til gullplate i Storbritannia, men fekk ingen salstrofé i USA.

Singlar
År Song Plassering
1986 «Love Touch» 27 (Storbritannia), 6 (USA), 14 (GER)
1986 «Another Heartache» 54 (Storbritannia), 52 (USA)
1986 «Every Beat of My Heart» 2 (Storbritannia), 53 (USA), 14 (GER)
1986 «In My Life» 80 (Storbritannia)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic review
  2. Rolling Stone review, arkivert frå originalen 6. mai 2016, henta 4. juni 2018 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]