Everybody’s Got Something to Hide Except Me and My Monkey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Everybody's Got Something to Hide Except Me and My Monkey» er ein song av The Beatles frå dobbeltalbumet The Beatles (White Album) som vart gjeven ut i 1968. Songen er skriven av John Lennon, men på vanleg vis tilskriven Lennon/McCartney.

I 1980 sa John Lennon «Det var ei slik flott tekstlinje som eg gjorde om til ein song. Den var om meg og Yoko. Alle syntest å vere så paranoide bortsett frå oss to, vi som skein av kjærleik. Alt saman er klårt og opent når du er forelska. Alle andre rundt oss var så spente, 'Kva er det ho gjer her på innspelinga? Kvifor er ho saman med han?' All den galskapen som skjedde rundt oss berre fordi vi tilfeldigvis ønskte å vere saman heile tida.»[1]

Mange syntes denne songen er ein av dei mest bråkete og masete på Det kvite albumet, saman med «Birthday», medan andre igjen lovprisar begge for å vere tøffe og utgåver av tidleg pønk. Det er tydeleg at The Beatles eksploderte i denne songen og var meir rockete enn på lang tid med grunnformelen til bandet - to elektriske gitarar (Lennon og Harrison), bass (McCartney) og trommer (Starr).

Teksten er ikkje så erotisk som ein gjerne vil ha det til, ifølgje den norske Beatles-eksperten Bård Ose, trass i kåte tilrop og hyl. Kvasifilosofiske tekstlinjer som «The deeper you go the higher you fly/The higher you fly the deeper you go/Your inside is out when your outside is in. Your outside is in when your inside is out...» er eigentleg plukka direkte frå Maharishi Mahesh Yoki sine leksjonar i India.[2]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Parodi[endre | endre wikiteksten]

Beatallica har parodiert denne songen, saman med «Ticket to Ride» av The Beatles og «Ride the Lightning» av Metallica, i ein song kalla «Everybody's Got a Ticket to Ride Except for Me og My Lightning».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Sheff, All We Are Saying (New York: St. Martin's Press, 2000, ISBN 0-312-25464-4), s. 190-191
  2. Bård Ose, Beatles hele livet, Bergen 1999