Hopp til innhald

Everyday av Slade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Everyday
Singel av Slade
frå albumet Old New Borrowed and Blue
B-side

Good Time Gals

Utgjeve 29. mars 1974
Sjanger Rock
Lengd 3:05
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar)
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi 
«Merry Xmas Everybody»
(1973)
Everyday «When the Lights Are Out»
(1974)


«Everyday» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1974 som den andre singelen frå det fjerde studioalbumet deira Old New Borrowed and Blue. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder, bassisten Jim Lea og kona hans Louise Lea (ikkje oppført), og produsert av Chas Chandler. Songen nådde tredjeplassen på den britiske singellista og låg sju veker inne på singellista.[1] Singelen selde til sølvplate i Storbritannia i april 1974 berre tre dagar etter han kom ut.[2][3]

I 2013 vart songen ytta i ein britisk reklamefilm for nettbrettet Nexus 7. Som følgje av dette gjekk songen inn att på den britiske singellista seint i november og nådde 69. plassen som følgje av digital nedlasting.[1]

Songen var piano-dominert, noko som var ein uvanleg stil for Slade, og bandet visste at dei tok ein risiko.[4]

B-sida til singelen var «Good Time Gals», som òg kom ut på albumet Old New Borrowed and Blue.[5] Bandet framførte songen to gonger på musikkshowet Top of The Pops og på Clunk Click.[6][7] Bandet framførte òg songen på det nederlandske TV-showet TopPop.[8]

7"-singel
  1. «Everyday» - 3:05
  2. «Good Time Gals» - 3:28

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1974) Plassering
Australia (Kent Music Report)[9] 13
Den austerrikske singellista[10] 13
Den belgiske singellista[11] 22
Den nederlandske singellista[12] 4
Den franske singellista[13] 28
Den tyske singellista[14] 17
Irish Singles Chart[15] 4
Norwegian Singles Chart[16] 3
Den sveitsiske singellista[17] 7
UK Singles Chart[1] 3
Liste (2013) Plassering
UK Singles Chart 69

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]
  • I 1992 spelte den finske skodespelaren og songaren Samuli Edelmann inn songen for albumet Yön valot under tittelen «Enkeli». Den finske musikaren Kari Kuivalainen skreiv den finske teksten.
  • I 2005 gav det engelske hardrockbandet The Quireboys ut ein versjon av songen som B-side til singelen «Tears in Heaven».[18]

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Slade
Andre medverkande
  1. 1,0 1,1 1,2 «slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 10. oktober 2021. 
  2. «Home». BPI. Henta 5. oktober 2021. 
  3. Slade Fan Club Newsletter, June–July 1974.
  4. «Radio 2 - Sold on Song - Top 100 - no. 9: 'Everyday'». BBC. Henta 5. oktober 2021. 
  5. «Slade - Old New Borrowed And Blue at Discogs». Discogs.com. Henta 10. oktober 2021. 
  6. «1986 - Slade Fan Club». Sladefanclub.com. Henta 10. oktober 2021. 
  7. Slade International Fan Club Newsletter, June–July – August 1986.
  8. «Slade - Everyday • TopPop». YouTube. 9. oktober 2015. Henta 10. oktober 2021. 
  9. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 277. ISBN 0-646-11917-6. 
  10. Steffen Hung. «Slade - Everyday». austriancharts.at. Henta 5. oktober 2021. 
  11. «Slade – Everyday», UltraPop.
  12. Steffen Hung. «Slade - Everyday». dutchcharts.nl. Henta 5. oktober 2021. 
  13. «InfoDisc : Tout les Titres par Artiste». infodisc.fr. Arkivert frå originalen 26. oktober 2013. Henta 9. oktober 2021. 
  14. «Die ganze Musik im Internet: Charts, News». Musicline.de. Henta 5. oktober 2021. 
  15. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. 1. oktober 1962. Henta 5. oktober 2021. 
  16. Steffen Hung. «Slade - Everyday». norwegiancharts.com. Henta 5. oktober 2021. 
  17. Steffen Hung. «Slade - Everyday». hitparade.ch. Henta 5. oktober 2021. 
  18. «The Quire Boys – Tears In Heaven», Hitparade.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]