Everything's Alright

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Everything's Alright
Singel av The Mojos
B-side

«Give Your Lovin' To Me»[1]

Språk engelsk
Utgjeve 1964
Sjanger Merseybeat
Lengd 2:15
Selskap Decca Records
Komponist The Mojos
Tekstforfattar The Mojos
Låtskrivar(ar) Crouch, Konrad, Stavely, James, Karlson[1]
Produsent Belinda Recordings
The Mojos-kronologi 
«Forever»
(1963)
Everything's Alright «Why Not Tonight?»
(1964)


«Everything's Alright» er ein song skriven og framført av The Mojos. Han vart gjeven ut som singel i 1964 og nådde 9. plass i Storbritannia.[2]

Uvanleg for denne tida var at begge sidene av singelen var skriven av bandet. «Everything's Alright» er tilskriven alle fem medlemmane i bandet (Nicky Crouch, Bob Konrad, Stu James, Keith Karlson og «Simon Stavely», eit psevdonym for pianisten Terence O'Toole). Berre Karlson, James og Stavely har skrive B-sida, «Give Your Lovin' To Me».[1].

Ein EP kalla The Mojos med «Everything's Alright» som opningsspor, kom ut seinare på året.

David Bowie spelte inn ein versjon av «Everything's Alright» for albumet hans Pin Ups i 1973, med Aynsley Dunbar på trommer, som tidlegare òg var medlem av The Mojos etter at «Everything's Alright» var komen ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 (1964) Plateomslagstekst for Everything's Al Right av The Mojos. Decca (F.11853).
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 374. ISBN 1-904994-10-5.