Everything Playing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Everything Playing
Studioalbum av The Lovin' Spoonful
Utgjeve Desember 1967
Sjanger Pop, folkrock
Lengd 32:23
Selskap Kama Sutra
Produsent Joe Wissert
The Lovin' Spoonful
The Lovin' Spoonful-kronologi
You're a Big Boy Now
(1967)
Everything Playing Revelation: Revolution '69
(1969)


Everything Playing er eit studioalbum av The Lovin' Spoonful, gjeve ut i 1967.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Everything Playing var det første albumet til gruppa med gitaristen Jerry Yester (som erstatta Zal Yanovsky), og det siste kommersielle albumet deira som kvartett. Frontmannen John Sebastian forlet gruppa i juni 1968 for å skipe ein solokarriere. Dette albumet er det einaste med ein song sungen av bassisten Steve Boone på solovokal: «Priscilla Millionaira».

Tre av songane nådde topp 40 på singellista i USA: «Six O'Clock», «She Is Still a Mystery» og «Money». John Sebastian song «Younger Generation» på Woodstockfestivalen, og dediserte han til ei kvinne som hadde fått eit barn under festivalen.[1]

Everything Playing kom ut på CD att i 2003 med tre bonusspor med alternative versjonar av songar frå albumet.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [2]
Rolling Stone(negativ)[3]

I meldinga si for Allmusic skreiv William Ruhlman «Då Sebastian ikkje var føre mikrofonen, kan synginga vere middels, og gruppa var ofte over heile kartet i forsøk på å skape sofistikert musikk, men plata var redda av songane og synging av Sebastian.»[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av John Sebastian, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«She Is Still A Mystery»3:01
2.«Priscilla Millionaira»3:13
3.«Boredom»2:25
4.«Six O'Clock»2:43
5.«Forever» (Steve Boone)4:23
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Younger Generation»2:42
7.«Money»1:55
8.«Old Folks» (Joe Butler)3:05
9.«Only Pretty, What A Pity» (Butler, Jerry Yester)3:03
10.«Try A Little Bit»3:06
11.«Close Your Eyes» (Sebastian, Yester)2:47
Bonusspor på 2003-utgåva
Nr.TittelLengd
12.«She Is Still A Mystery» (alternativ versjon)3:11
13.«Only Pretty, What A Pity» (alternativ versjon)2:57
14.«Try A Little Bit» (alternativ versjon)3:02

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fornatale, Pete. Back to the Garden: The Story of Woodstock. Touchstone, 2009, p. 51–52. ISBN 978-1-4165-9119-1.
  2. 2,0 2,1 Ruhlman, William. «Everything Playing > Review». Allmusic. Henta 23. mars 2019. 
  3. Robert Greenburg. Rolling Stone. Vol. 1 No. 6. 24. februar 1968. p20