Evgeny Morozov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Evgeny Morozov
(russisk: Евгений Морозов; kviterussisk: Яўгені Марозаў;
Wer kann die neue Zukunft machen? (17333061348).jpg
Fødd1984
Salihorsk
NasjonalitetKviterussland
Yrkeskribent, journalist, informatikar
Alma materHarvard University

Evgeny Morozov (fødd i 1984) er ein amerikansk forfattar og forskar av kviterussisk opphav som studerer dei politiske og sosiale verknadane av teknologi.

I 2018 vart han nominert av magasinet Politico som ein dei 28 mest innverknadsrike europearane.[1]

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Morozov vart fødd i 1984 i Soligorsk i Kviterussland.[2] Han studerte ved Det amerikanske universitetet i Bulgaria[3] og budde seinare i Berlin før han flytta til USA.

Morozov har undervist ved Stanford University,[4] han har vore medlem av The New America Foundation, og skribent for magasinet Foreign Policy og den relaterte bloggen Net Effect. Han har undervist ved Georgetown University's Walsh School of Foreign Service og ved Open Society Institute, , og var også skribent for den russiske Akzia. I 2009, vart han utvald som TED Fellow".[5]

Frå 2013 til 2018 tok Morozov ein doktorgrad i vitskapshistorie ved Harvard University som han bestod i mai 2018.

Synspunkt[endre | endre wikiteksten]

Evgeny Morozov (2014)

Morozov syner skepsis andsynes den populære tankegangen om at internett hjelper å demokratisere autoritære regime. Han argumenterer for at internett også kan vere eit effektivt verktøy brukt for å utføre masseovervaking og politisk undertrykking, og for å spreie nasjonalistisk og ekstremistisk propaganda.

The Net Delusion: The Dark Side of Internet Freedom[endre | endre wikiteksten]

I januar 2011 gav Morozov ut den fyrste boka si, The Net Delusion: The Dark Side of Internet Freedom. I denne boka utforskar han effekten internett har på autoritariske statar, i tillegg til å undersøkje om grunnane for entusiasmen for internett sitt frigjeringspotensial. I denne konteksten koplar Morozoc triumfalismen som følgde etter Den kalde krigen. Morozov argumenterer også mot ideane som han kallar cyber-utopianism (det å nekte å sjå internett sine «mørke» sider, t.d. moglegheita til å kontrollere informasjon og manipulere dei ulike informasjonsmedia) og internett-sentrisme (den aukande tendensen å sjå alle politiske og sosiale endringar gjennom prismet av internett).

To Save Everything, Click Here: The Folly of Technological Solutionism[endre | endre wikiteksten]

I mars 2013 gav Morozov ut ei ny bok, To Save Everything, Click Here. Der kritiserer han det han kallar «technology solutionism», ideen om at, som Tim Wu seier, «a little magic dust can fix any problem».

I denne boka er Wu sitt arbeid også sterkt kritikert av Morozov. Wu har derimot skildra Morozov si bok som «rife with such bullying and unfair attacks that seem mainly designed to build Morozov's particular brand of trollism», og «a missed opportunity» for å debattere problema.[6] Morozov hevder at bruken av teknologi burde debatterast på same line som politikk, økonomi, historie og kultur.[7]

Artiklar[endre | endre wikiteksten]

Morozov har skrive ei rekkje artiklar som har vore publiserte i ulike tidsskrift, aviser og magasin rundt i verda, blant anna The New York Times, The Wall Street Journal, Financial Times, The Economist, The Guardian, The New Yorker, New Scientist, The New Republic, Corriere della Sera, Times Literary Supplement, Newsweek International, International Herald Tribune, Boston Review, Slate, San Francisco Chronicle,[8] Folha de S.Paulo[9] og Frankfurter Allgemeine Zeitung.[10]

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Essay og artiklar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Evgeny Morozov». POLITICO (på engelsk). 7. desember 2017. Henta 28. februar 2018. 
  2. Pilkington, Ed (13. januar 2013). «Evgeny Morozov: How Democracy Slipped through the Net». The Guardian. 
  3. Twitter 
  4. «Evgeny Morozov». FSI Stanford (Freeman Spogli Institute for International Studies at Stanford University ). 
  5. «Profile». TED. Henta 13. november 2009. 
  6. Wu, Tim (April 12, 2013). «Book Review: To Save Everything, Click Here by Evgeny Morozov». The Washington Post. 
  7. «Michael Meyer, "Evgeny vs. the Internet".». Columbia University Graduate School of Journalism. Henta 3. januar 2014. 
  8. «Profile on Open Society Foundation». Soros. Arkivert frå originalen 2011-06-11. Henta 13. november 2009. 
  9. «Morozov, o 'cibercético', estreia coluna na Folha.com». UOL. Henta 18. januar 2014. 
  10. «Privatheit wird Diebstahl». Henta 21. mai 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]