Evolène

Koordinatar: 46°7′0″N 7°30′0″E / 46.11667°N 7.50000°E / 46.11667; 7.50000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Evolène
Horisonten til Evolène
Horisonten til Evolène
Kommunevåpenet til Evolène
Kommunevåpenet til Evolène


Plassering
Evolène is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Valais
Distrikt Hérens
Språk fransk
Borgarmeister Damien Métrailler
Geografi
Flatevidd
 - kommune

209,9 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

1 683
  8 /km²
Koordinatar 46°7′0″N 7°30′0″E / 46.11667°N 7.50000°E / 46.11667; 7.50000
Høgd over havet 1371 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 1983
Nettstad: www.commune-evolene.ch

Evolène er ein kommune i distriktet Hérens i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 1 683 innbyggjarar 2010) og eit areal på 209,9 km². Kommunesenteret ligg 1371 meter over havet.

Kommunen ligg sør for Sion i Wallis-Alpane og i dalen Val d'Hérens. Evolène er ein av dei største kommunane i Sveits i ustrekning, men har ikkje meir enn kring 1600 innbyggjarar. Dette kjem av dei store urørte naturområda kring Alpane. Det høgaste fjellet i kommunen er Dent Blanche på 4357 meter over havet. På grunn av dei bratte fjella kring kommunen er han utsett for mange naturlege farar, som snøras og aggressiv erosjon. 21. februar 1999 vart Evolène råka av fleire snøras, som tok livet av i alt 12 menneske. Dette kom av at det hadde falle uvanleg mykje snø i Alpane vinteren 1999.

Kommunen består av fleire nærliggande landsbyar. Den største landsbyen er Evolène, som ligg på eit platå ovanom elva, verna av snøras frå omliggande skog.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]