Nydarwinisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Evolusjonær syntese)

Nydarwinisme, eller neo-darwinisme, er eit omgrep som har vorte brukt i forskjellige tydingar relatert til Charles Darwins teori om evolusjon ved naturleg utval. Ein har opp gjennom historia stort sett nytta ordet om dei nyaste og mest oppdaterte versjonane av teorien.

Den første bruken av ordet kom allereie i 1895, og vart nytta for å skildra teorien slik han vart då August Weismanns kimplasmateori vart teken opp i han. Weismann sin tese er kort fortalt at arvestoffet i kroppane til dyr allereie på fosterstadiet differensierer seg i celler til å byggja opp kroppen og kim til å produsera arvestoff til neste generasjon. Dette inneber at lamarckismen er feil, sidan eigenskapar dyret møter i vaksenlivet ikkje let seg skriva inn i eit arvemateriale som alt var ferdig programmert under foster/larveutviklinga.

I dag brukast Nydarwinisme meir presist om den teorien som sameinar dei moderne kunnskapane om genar og arv med Charles Darwins teori om teori om evolusjon ved naturleg utval. Nydarwinismen i denne tydinga vart til ved at Gregor Mendels arvelære vart sett saman med læra om naturleg utval, og at Darwins opphavlege forklaring på korleis arvelege trekk oppstår (jamfør. boka hans: On the origin of species) vart fjerna. Denne nye «moderne syntesen» vart utvikla i 1930- og 40-åra, med genetikaren J. B. S. Haldane og evolusjonsbiologen og arvehygienikaren R. A. Fisher som viktige bidragsytarar.

Det er denne teorien som i dag gjerne blir omtala upresist som «Darwins utviklingslære», «evolusjonsteorien» eller berre «evolusjonen» i lærebøker og i media. Encyclopedia Britannica nyttar «nydarwinisme»-omgrepet om læra om evolusjon ved naturleg utval, i samsvar med dette.

Nydarwinismen skil seg frå Darwins opphavlege teori i oppfatninga av korleis arvelege eigenskapar får sitt opphav. Charles Darwin (1809-1882) meinte, i likskap med Lamarck, og i tråd med den rådande oppfatninga i samtida, at bygningstrekk og eigenskapar som ein organisme har tileigna seg mens han lever, går i arv til avkommet. Darwin forklarer i On the origin of species at bruk og manglande bruk («use and disuse») samt direkte innverknader frå levemiljøet blir overført til avkommet gjennom forplantninga. Etter denne oppfatninga vil for eksempel fuglar som ikkje brukar vengene sine til å fly med, som eit resultat av denne manglande bruken, ha ein tendens til få avkom som har mindre venger. Darwin meinte likeeins at instinkt var nedarva vanar. Denne oppfatninga var ein grunnplanke i Darwin sin teori, fordi utan denne ville ikkje teorien ha noko forklaring på kvar dei arvelege variasjonane kom frå. Då Gregor Mendels arvelover vart gjenoppdaga i år 1900, vart det etterkvart klart at Darwins oppfatning om arv ikkje heldt mål. Det var lenge strid mellom tilhengarane til Mendel og tilhengarane til Darwin. Dette forandra seg i løpet av 1930- og 40-åra, då populasjonsgenetikken vart etablert, med R. A. Fisher og J. B. S. Haldane som sentrale namn. I følgje nydarwinismen er kjelda til all arveleg variasjon forstyrringar i vidareføringa av arva: tilfeldige mutasjonar. Mutasjonane er i følgje nydarwinismen tilfeldige i tydinga ikkje-styrte. Det er snakk om feilkopieringar av arvematerialet i kjønnscellene før det vert overført til avkommet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]