Evron i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°59′29″N 35°6′1″E
Evron
kibbutz
קיבוץ עברון - המבנה המרכזי.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Vest-Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 32°59′29″N 35°6′1″E
Grunnlagd 1945
 - Grunnlagd av Europeiske jødar
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Evron, Israel

Evron (עֶבְרוֹן) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg vest i Galilea nær Nahariya og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2008 hadde han eit folketal på 700.[1]

Evron vart grunnlagd i 1945, og er kalla opp etter den bibelske Avdon, som i somme versjonar står oppført som Evron, ein landsby nær Asher-stammen (Josva 19:28) [2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grunnleggjarane var immigrantar frå Tyskland, Polen og Transilvania som grunnla kibbutzen i 1937. I 1940-åra tente han som ein Palmach-base og ein gøymestad for ulovlege immigrantar i Aliyah Bet. Grunnleggjarane fekk seinare selskap av fleire immigrantar frå Bulgaria.[1] Det vart oppdaga ruinar av ei kyrkje frå 400-talet i kibbutzen. Aust i kibbutzen står ein del av ein akvedukt som førte vatn frå Cabri-kjeldene til Akko.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Evron». romgalil.org.il (på hebraisk). Henta 7. mars 2015. 
  2. 2,0 2,1 Mapa's concise gazetteer of Israel (på hebraisk). Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 399. ISBN 965-7184-34-7.  og Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem: Carta, p.156, ISBN 965-220-186-3 (English)