Evropesma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Evropesma (serbisk Европесма) eller Europjesma (montenegrinsk Еуропјесма) var ei serbisk og montenegrinsk musikktevling som vart arrangert tre gonger mellom 2004 og 2006. Vinnaren fekk representere Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest. Han vart kringkasta av Udruženje javnih radija i televizija (UJRT).

I 2005 og 2006 fungerte den serbiske musikktevlinga Beovizija og den montenegrinske musikktevlinga Montevizija som semifinalar for Evropesma. Etter at Serbia og Montenegro vart oppløyst fortsette Beovizija og Montevizija å velje ut bidraga til høvesvis Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest.

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

For oversyn over poenga i Eurovision Song Contest, sjå Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest.
År Artist Song Språk
2004 Željko Joksimović «Lane moje» Serbisk
2005 No Name «Zauvijek moja» Montenegrinsk
2006 No Name «Moja ljubavi» Montenegrinsk

I Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Serbia og Montenegrino vann semifinalen i 2004 og gjekk vidare til finalen der dei enda på andreplass. I 2005 var dei direktekvalifisert til finalen på grunn av den høge plasseringa frå året før. Denne gongen enda dei på sjuandeplass. Året etter trekte dei seg éin dag etter søknadsfristen gjekk ut. Sendinga vart direktesend på serbisk og montenegrinsk fjernsyn og dei fekk dimed lov til å røyste i semifinalen og finalen. Semifinalen vart ikkje send i Montenegro og røystene frå Serbia og Montenegro i semifinalen var difor berre frå Serbia. Då Jovana Janković skulle lese opp poenga frå Serbia og Montenegrino sa ho: «Så, som de veit, har vi ikkje ein song for deg dette året, men vi lovar at neste år vil vi gje deg det beste». Året etter vann Serbia, og Janković fekk vere programleiar saman med Željko Joksimović som hadde representert landet i 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]