Evstratij Petsjerskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Evstratij Petsjerskij
Prep Evstratij.jpg
FødestadKiev
Daud1097
DødsstadSevastopol
Yrkemunk
Helgendag28. mars

Evstratij Petsjerskij er ein russisk-ortodoks helgen frå Kiev.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Martyruet til Evstratij Petsjerskij

Ifølgje soga blei Evstratij Petsjerskij fødd i ein rik familie i Kiev på 1000-talet. Som vaksen gav han alt han hadde til dei fattige og blei munk i Grotteklosteret. Då Kiev blei angripen av kiptsjakarar i 1096 blei Grotteklosteret lagd i ruinar og mange munker drepne. Prost Evstratij blei tatt til fange saman med 30 klosterarbeidarar og 20 kievfolk og seld som slavar til ein jøde som budde i Korsun. Han skal ha kravd at dei fornekta Kristus, og truga med å la dei svelta i lenkjer om dei ikkje gjorde det. Evstratij bad for fangane og gav dei åndeleg støtte slik at fangane valde å døy av mangel på mat og drikke enn å fornekta Kristus.

Alle fangane omkom, bortsett frå Evstratij, som var van med hard faste. Den vonde jøden ville hemne seg på prosten fordi hadde han mista dei verdifulle fangane. Då det nærma seg pesach samla jøden venene sine til feiring, og krossfesta Evstratij. Han takka Gud for den store æra av å få døy som Kristus. Ein av jødane høyrte dette, blei rasande og drap Evstratij med eit spyd. Leivningane hans blei kasta på sjøen.

Truande kristne leita lenge etter liket av martyren, men fann det ikkje. Ved eit mirakel dukka liket opp i ei grotte, like heilt som då han var levande, og dei som vitja leivningane opplevde mange mirakel. Det blei så flytta til Grotteklosteret.

Evstratij hadde spådd at han ville hemnast snart etter at han døydde. Same dagen kom det ordre frå den greske keisaren om at alle jødar skulle jagast ut frå Korsun. Dei skulle miste alle eigedelane sine, og dei eldste skulle bli slått for å ha torturert kristne. Jøden som hadde drepe Evstratij blei hengt i eit tre.

Minnefestdagar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]