Explorer 4

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Explorer 4 var ein amerikansk satellitt. Han vart skoten opp 26. juli 1958 frå Cape Canaveral med ein Juno-rakett.

Explorer 4 bar med seg instrument for å gjera dei fyrste detaljerte målingane av ladde partiklar (proton og elektron) som var fanga i strålingsbelta til jorda. Satellitten fekk ei uventa rotasjonsrørsle som gjorde tydinga av dataa frå detektorane særs vanskeleg.

Lågenergi-sendaren og den plastiske scintillatoren som Explorer 4 hadde med seg slutta å fungera 3. september 1958. Dei to Geiger-Müller-røyra og cesiumjodidkrystall-detektorane fungerte som normalt fram til 19. september same året. Høgenergi-sendaren slutta å senda signal 5. oktober 1958. Ein trur at utarming av batteriet var årsak til at einingane slutta å fungera.

Explorer 4 fall ned i jordatmosfæren 23. oktober 1959, etter 454 dagar i bane kring jorda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]