Explorer 1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Explorer I)
Explorer 1
Oppskytinga til Explorer 1 frå Cape Canaveral i Florida

Explorer 1 var ein amerikansk satellitt som vart skoten opp 31. januar 1958 med ein Juno I/Jupiter C-rakett. Han var den fyrste amerikanske satellitten med ei vellukka oppskyting. Explorer 1 hadde med seg instrument for undersøking av kosmisk stråling, mikrometeorittar og måling av temperaturen til satellitten.

Satellitten var det fjerde trinnet på raketten, og var 2,03 meter lang og 0,152 meter i diameter. Han hadde fire piskantenner monterte symmetrisk kring midtdelen av trinnet.

Explorer 1 oppdaga Van Allen-strålebelta kring jorda. Belta er oppkalla etter James Van Allen, som var fyrsteforskar på utrøyninga for kosmisk stråling på Explorer 1.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]