Extended Play av Fleetwood Mac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Extended Play
EP av Fleetwood Mac
Språk engelsk
Utgjeve 30. april 2013
Innspelt 2012-2013
Sjanger Rock, poprock
Lengd 17:08
Selskap LMJS produksjons
Produsent Mitchell Froom og Lindsey Buckingham
Fleetwood Mac-kronologi 
Say You Will
(2003)
Extended Play


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[1]

Extended Play er ein EP av det britisk-amerikanske bandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 2013. EPen vart tilgjengeleg for digital nedlasting av bandet sjølv, utan eit plateselskap, og var den første nye musikken frå bandet på ti år, sidan Say You Will i 2003.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om albumet berre kom digitalt og utan marknadsføring, nådde Extended Play 48. plassen på Billboard 200 og selde 8 602 eksemplar den første veka. Den neste veka fall EPen ut av lista. «Sad Angel» vart sleppt som singel frå EPen og nådde 125. plassen på UK Top 200. «Without You» var ein «tapt» demo som vart skriven i Buckingham Nicks-tida, som Nicks sjølv hadde funne på YouTube.

«Without You» og «Sad Angel» vart begge spelte på turneen deira i 2013.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sad Angel»Lindsey Buckingham4:03
2.«Without You»Buckingham, Stevie Nicks4:39
3.«It Takes Time»Buckingham4:09
4.«Miss Fantasy»Buckingham4:17
Total lengd:17:08

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Extended Play av Fleetwood MacAllmusic
  2. Greene, Andy (13. august 2015). «Lindsey Buckingham talks Fleetwood Mac tour, New EP». Henta 11 June 2013.