Eyjafjörður

Koordinatar: 65°54′N 18°15′W / 65.900°N 18.250°W / 65.900; -18.250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eyjafjörður
Land  Island
Del av Polhavet
Kart
Eyjafjörður
65°51′00″N 18°08′00″W / 65.85°N 18.133333333333°W / 65.85; -18.133333333333
Wikimedia Commons: Eyjafjörður

Eyjafjörður (òg kalla Øy(a)fjorden) er den lengste fjorden nord på Island.[1] Han ligg i det nest folkerikaste området på Island. Området har store landbruksareal, og stor verksemd innanfor fiske i fjorden.[2][3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fjorden er lang og smal og er omtrent 60 km lang.[4][3] På det breiaste er han 15 km mellom Siglunes og Gjögurtá ved enden av fjorden, men stort sett er han 6-10 km brei. To mindre fjordarmar, Ólafsfjörður og Héðinsfjörður ligg på vestsida av fjorden.

Fjorden er omringa av åsar og fjell på begge sider, men fjella er langt høgare på vestsida i fjellkjeda på halvøya Tröllaskagi. I dei ytre delane av fjorden er det ingen låge kystområde, sidan dei bratte åsane går direkte ut i havet. Lenger sør er det nokre striper med lågland på begge sider av fjorden og desse er breiast på vestsida.

Fleire dalar går vidare frå Eyjafjörður, dei fleste av dei i vest og dei to viktigaste er Hörgárdalur og Svarfaðardalur. Dalsmynni er den einaste dalen på austsida. Den største dalen vidare frå Eyjafjörður held fram sørover. Han er lang og breid og inneheld eit av dei største jordbruksområda på Island.

Mange elvar renn ut i Eyjafjörður, dei største av desse er Eyjafjarðará, Fnjóská og Hörgá.

Øya Hrísey i midten av Eyjafjörður er den nest største øya langs kysten av Island og vert ofte kalla Perla i Eyjafjörður.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Eyjafjörður er det nest folkerikaste området på Island etter Reykjavík. I 2003 budde det totalt 21 536 menneske her (utanom byen Siglufjörður og Grímsey som stundom vert rekna som ein del av Eyjafjörður-området.)

Den største byen er Akureyri som ligg inst i fjorden, andre tettstader er Dalvík, Ólafsfjörður, Hrísey, Árskógssandur, Hauganes, Hjalteyri, Hrafnagil, Svalbarðseyri og Grenivík. Dei fleste av desse busetnadane baserer seg på fiskeri og jordbruk, men Akureyri er senteret i området med mellom anna eit universitet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Iceland’s Longest Fjord», earthobservatory.nasa.gov (på engelsk), 2. mai 2020, henta 7. november 2022 
  2. Pihl, Roger (5. april 2019). «Eyjafjörður». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. 3,0 3,1 «Eyjafjörður | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 7. november 2022 
  4. Ármannsson H. & Valtýsson H.Þ. (2012). «Eyjafjörður, sjór og sjávarlíf Yfirlit rannsókna: Eyjafjörður, sea and sealife Overview of researches.» (PDF). 

65°54′N 18°15′W / 65.900°N 18.250°W / 65.900; -18.250