Eyjolv Dådaskald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eyjolv Dådaskald
Verkeleg namn norrønt Eyjólfr dáðaskáld
Fødd 10. hundreåret (juliansk)
Yrke lyrikar, skald
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Eyjolv Dådaskald var ein skald som var aktiv tidleg på 1000-talet. Tilnamnet «Dådaskald» kan vere avleitt av at han dikta høgstemt om Eirik Håkonsson Ladejarl sine dådar (dáð tyder 'dåd' eller 'dugeleg gjerning').

Utanom det ein kan lese seg til i diktinga hans, veit ein ingen ting om Eyolv Dådaskald, heller ikkje om han var norsk eller islandsk. Han er rekna som ein av hirdskaldane til Eirik jarl, i den tida då Eirik jarl hadde styringa med Noreg (i åra 1000-1015).

Det einaste diktverket av Eyjolv Dådaskald som ein kjenner til, er 8 vers av «Bandadråpa»,[1][2] som handlar om dei tidlege «dådane» til Eirik jarl; drapet på Skofte SkagessonMøre, om å bli jarl i ung alder, hans vikingtokt i Austersjøen og åtaket på den russiske byen Staraja Ladoga (Aldeigju). Ein trur at namnet på dråpa er avleitt av bruk av ordet banda i teksten, t.d. i refrenget: Dregr land at mun banda ('Legg under seg land etter gudane si vilje').

Deler av Bandadråpa er sitert i Fagerskinna og i Heimskringla, i Soga om Olav Tryggvasson.

Eyjolv Dådaskald er ført opp i Skaldatal som ein av skaldane hos Eirik jarl.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bandadrápa av Eyjólfr dáðaskáld (Skaldic Project)
  2. BANDADRÁPA av EYJÓLFR DÁÐASKÁLD (Notendur.is)
  3. Skaldatal frå heimskringla.no (Snorre-Edda)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]