Eymirsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 39°49′N 32°49′E

Lake Eymir2.jpg
Lake Eymir.jpg

Eymirsjøen er ein liten innsjø i provinsen Ankara i Tyrkia. Innsjøen vart kalla opp etter eit tyrkisk folk kalla Eymür.[1]

Innsjøen ligg kring 20 km sør for Ankara i bydistriktet Gölbaşı. Langs sørsida av innsjøen går ringvegen O-20 i Ankara. Innsjøen ligg 969 meter over havet og har ei form som liknar bokstaven S.

Eymirsjøen er 1,09 km² stor og er kring 4,2 km lang og i snitt 250 meter brei. Kystlengda er kring 9 km. På det djupaste er han kring 5,5 meter.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]