Eyolf Soot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eyolf Soot
Portrett av Eyolf Soot, Bergliot Ibsen, Dagny Sautreau og Halfdan Strøm - no-nb digifoto 20160715 00078 bldsa BB0455.jpg
Portrett av Eyolf Soot, Bergliot Ibsen, Dagny Sautreau og Halfdan Strøm.
Fødd 24. april 1859
Aremark
Død

30. august 1928
Oslo

Yrke kunstmålar

Eyolf Soot (24. april 185830. august 1928) var ein norsk målar frå Aremark, som er best kjend for sine naturalistisk inspirerte bilete, til dømes Barnemeordersken. Kanalbyggjaren Engebret Soot var farfar hans.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Velkommen, 1890

Soot voks opp i USA, der faren arbeidde som ingeniør. Han var elev på den offentlege teikneskulen og hos Knud Bergslien 1876-78, og studerte seinare fem måneder på kunstakademiet i Berlin under Karl Gussow. Han var også i korte perioder elev av Gyula Benczur ved kunstakademiet i München i 1881 og av Leon Bonnat i Paris 1882.

Soot slutta seg på 1880-talet til den realistiske kunstretninga, og debuerte på den fyrste haustutstillinga i Kristiania i 1882. Sine beste verk laga han i tida mellom 1885 og 1895, då han arbeidde innan naturalismen. Han vekte merksemd med Kjerring med flatbrød (1885) og enno meir i 1890 med Ett besøk. År 1889 laga han eit dobbelportrett av Jonas Lie og kona, det beste av fleire portrett. Han måla også dobbelportrett av Karoline og Bjørnstjerne Bjørnson, og elles portrett av Bjørnson åleine, av venen Olav Johan Sopp og av museumsbyggjaren Anders Sandvig.

Karakteristisk for fleire av Soots bilete er at motivet er i ei døropning, sett innafrå, der målaren utnyttar kontrastane mellom mørke og lys. Dette er særleg tydeleg i Velkommen frå 1890. I Barnemordersken frå 1895 utforskar han fargebruken i eit skymt fjøsrom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]