Eystein Jansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eystein Jansen
Fødd28. februar 1953
NasjonalitetNoreg
Yrkegeolog, klimaforsker, forskar
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Universitetet i Bergen
Alma materUniversitetet i Bergen
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Academia Europaea
Norges Tekniske Vitenskapsakademi

Eystein Jansen (fødd 28. februar 1953) er ein norsk klimatolog og professor i klimaforsking ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret (BCCR) i Bergen. Sidan 2022 har han vore visepresident i Det europeiske forskningsrådet (ERC), med særleg ansvar for naturvitskap og teknologi.[1]

Jansen har særleg forska på rekonstruksjon av tidlegare tiders havstraumar og klimaendringar ved hjelp av analyse av utgravde kjerner frå havbotnen. Han tok doktorgrad i maringeologi ved Universitetet i Bergen i 1984, og har publisert over 70 vitskaplege artiklar, av dei er fleire publisert i Nature.

I 2019 fekk han Brøggerprisen for arbeidet med opprettinga av Nasjonallaboratoriet for geologisk massespektrometri i 1983, Bjerknessenteret for klimaforskning i 2000 (der han var direktør i 13 år) og det nye SFF-senteret Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE) i 2017.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eystein Jansen blir visepresident i ERC», Universitetet i Bergen (på norsk bokmål), henta 28. oktober 2022 
  2. «Brøggerprisen til Eystein Jansen», Geoforskning.no (på norsk bokmål), 13. januar 2019, henta 28. oktober 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]