Eyvind Alnæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eyvind Alnæs
Portrett av Eyvind Alnæs (1872-1932) (cropped).jpg
Fødd29. april 1872
FødestadFredrikstad
Død24. desember 1932 (60 år)
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Sjangersymfoni
Instrumentpipeorgel, piano, orgel
Verka sompianist, komponist, dirigent, musikar, korleder, akademisk musiker
BornLise Børsum
PrisarKongens fortenestmedalje i gull, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, St. Hallvard-medaljen

Eyvind Alnæs (29. april 187224. desember 1932) var ein norsk komponist frå Fredrikstad.

Alnæs studerte i Oslo hjå Iver Holter, i Leipzig hjå Carl Reinecke og i Berlin. Frå 1895 til 1907 var han organist i Drammen, deretter organist og kordirigent i Oslo. Han var med på å grunnleggje Norsk Komponistforbund.

Han komponerte to symfoniar, Variations symphoniques, ein pianokonsert, pianostykkje, koralpreludium for orgel, korstykkje og songar i seinromantisk stil. Dei mest kjende er romansane De hundrede violiner og Der du gjekk fyre.

Spire Denne musikarartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.