Ezinne Okparaebo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ezinne Okparaebo i 2009.

Ezinne Okparaebo (fødd 3. mars 1988 i Nigeria) er ein norsk friidrettsutøvar. Ho kom til Noreg som niåring og er oppvaksen på Ammerud i Oslo. Okparaebo spring for IL i BUL.

Ezinne Okparaebo har noregsrekorden for både 100 meter og 200 meter for kvinner. Ho har teke gull på 100 meter i alle NM frå 2005 til 2011, samanhengjande. I tillegg tok ho gull på 100 meter under junior-EM 2007. Ho deltok på sommar-OL 2008 i Beijing og skal også delta på sommar-OL 2012 i London.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]