Fábio Coentrão
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Fábio Alexandre da Silva Coentrão | ||
| Fødd | 11. mars 1988 (38 år) | ||
| Fødestad | Vila do Conde | ||
| Høgd | 178 cm | ||
| Posisjon | Vingback | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Real Madrid | ||
| Nummer | 5 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 2004-06 |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2005-07 2007-11 2008 2008 2009 2011- |
|
29 (5) 52 (2) 16 (4) 1 (0) 16 (3) 46 (1) | |
| Landslag | |||
| 2007-10 2009- |
|
8 (6) 45 (3) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 7. juni 2014 | |||
Fábio Alexandre da Silva Coentrão (fødd 11. mars 1988 i Vila do Conde i Stor-Porto) er ein portugisisk fotballspelar som har spela for Real Madrid i spansk Primera Division og for det portugisiske landslaget.
Coentrão var med på å bli seriemeister i Portugal i 2010 med Benfica. Same sesongen vart han kåra til beste nye spelar i den portugisiske ligaen, og i 2011 vart han kåra til årets spelar i Benfica. I 2012 vart han seriemeister i Spania med Real Madrid, og i 2014 var han med på å vinna den europeiske Meisterligaen med dei. Han debuterte for A-landslaget 14. november 2009 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Bosnia-Hercegovina. Han var med i Portugal sin tropp til fotball-VM i 2010, der han spelte alle Portugal sine fire kampar. Under fotball-EM i 2012 spelte han alle Portugal sine fem kampar då dei nådde semifinalen i meisterskapen.