Fåberg kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fåberg kyrkje
Fåberg kirke
Foto: Mahlum
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Sør-Gudbrandsdal
Sokn Fåberg
Fellesråd Lillehammer
Type Krosskyrkje
Arkitekt Svend Olsen Traaseth
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 23. februar 1727
 - Endringar 1884, 1901, 1955
Tårn I vest
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Johannes Ellingsen Segalstad, 1730-talet
Døypefont Kleberstein, 1100-talet
Altartavle 1730-talet
Sitjeplassar 370
Kart
Fåberg kyrkje
61°9′37″ N 10°22′18″ E
Wikimedia Commons: Fåberg kirke

Fåberg kyrkje er ei krosskyrkje frå 1727 i Lillehammer kommune, Oppland fylke.

Bygningen er av tømmer og har 370 sitjeplassar. Det er ei krosskyrkje, slik dei fleste kyrkjene vart bygde på 1700-talet i Gudbrandsdalen, inspirert av domkyrkja i Oslo. Fåberg er den einaste med tårnet i vest; dei andre har sentraltårn. Ein trur at det kan vere den lokale byggmeisteren Svend Olsen Traaseth som var byggmeister for kyrkja. Han bygde sidan fleire kyrkjer i Gudbrandsdalen og Valdres.

Kyrkja vart modernisert på 1800-talet: Interiøret vart forenkla og veggane kvitmåla. Ved ei restaurering i 1956 vart kyrkja ført tilbake til sin gamle stil.

Døypefonten av kleberstein er frå 1100-talet. Altartavla har eit bilete som er måla av Fåberg-målaren Ole Larsen Smerud. Han hadde fått målaropplæring i København, der han var kongeleg våpenmalar. Måleriet av Jesus på krossen vart gjeve som gåve til kyrkja i 1810.

To portalar frå den gamle stavkyrkja i Fåberg er oppbevart på Kulturhistorisk museum i Oslo. Eit krusifiks frå mellomalderen er på Maihaugen. Den gamle almissetavla frå kyrkja frå 1668 er no i Garmo stavkyrkje på Maihaugen.

På kyrkjegarden finn ein mellom anna to krigsgraver for allierte soldatar (Commonwealth War Graves) frå fyrste verdskrig, og nord for kyrkja er ein runestein som vart funnen i området.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]