Fåbergsteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fåbergsteinen
Foto: Jan-Tore Egge (2013)

Fåbergsteinen er ein runestein ved Fåberg kyrkje i Lillehammer kommune i Oppland. Han er registrert av Riksantikvaren med ID nr. 58558.

Gerhard Schøning nemnde i 1775 tre bautasteinar ved kyrkja, men han har tydelegvis ikkje vore merksam på noka innskrift. Fåbergsteinen var truleg ein av dei tre steinane. Runeinnskrifta er første gong skildra av Christian C.A. Lange, som i 1833 fortalde at steinen stod rett sør for kyrkja, ved landevegen. Omkring 1865 var Sophus Bugge på staden og undersøkte innskrifta. Han kunne då konstatera at den øvste delen av steinen var slegen av og hadde vorte borte. I 1870 kom den manglande delen til rette att, og vart gjeven til Universitetets Oldsaksamling. I 1891 vart dei to delane skøytte saman att, og den komplette steinen vart sett opp att på Lillehammer. Likevel var det mange i Fåberg som ynskte å få steinen attende, og i 1928 vart han sett opp ved Fåberg kyrkje, ikkje langt frå der han opphavleg hadde stått.

Innskrifta er blitt datert til ca. 1050.

Magnus Olsen tolka innskrifta slik:

ruar raisti stain þana aftir alui faþur sin

På norrønt er det: Hróarr reisti stein þenna eptir Ǫlvi fađur sinn

Og på moderne norsk: «Roar reiste denne steinen etter Olve, sin far».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]