Fådelt skule
Utsjånad

Fådelt skule er ein grunnskule med få elevar der elevar frå ulike årstrinn blir underviste saman.[1] Dette skil seg frå ein fulldelt skule, der kvart årstrinn har eigne klassar.[2] Slike skular var vanlege då offentlege skule for alle blei innført frå midten av 1800-talet, og i Noreg var det den vanlegaste skuletypen fram til dei fyrste tiåra av 1900-talet.[3] Seinare er dei blitt mest vanlege i grisgrendte strøk der det bur få ungar. Slike skular blir ofte rekna som viktige for lokalsamfunnet. Alternativet til små, fådelte skular er at elevane pendlar ein annan stad for å gå på skule og bur på internat.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «fådelt skole». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 2021-05-07.
- ↑ «fulldelt skole». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 2021-01-29.
- ↑ Mydland, Leidulf (2011-02-24). «The legacy of one-room schoolhouses: A comparative study of the American Midwest and Norway». European journal of American studies (på engelsk). 6 (6–1). doi:10.4000/ejas.9205. ISSN 1991-9336.
- ↑ «Committee backs closure of Scotland's smallest school of Skerries». BBC News (på britisk engelsk). 2013-12-10.