Fånefjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fånefjell
fjell
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Bygland
Kart
Fånefjell
58°46′46″N 7°49′49″E / 58.77944444°N 7.83027778°E / 58.77944444; 7.83027778
Fånefjell haltunnel frå 1923.
Foto: Øyvind Berg

Fånefjell er eit 745 m høgt fjell i Bygland kommune i Agder. Det går ut som eit nes i innsjøen Byglandsfjorden som ligg 202 moh, med ei stupbratt fjellside på sørsida. Vegen forbi Fånefjell var rekna som eit av dei to vanskelegaste partia på landevegen gjennom Setesdal. Byklestigen var den vanskelegaste, deretter kom Fånekleivene.

Fånefjell vegmiljø[endre | endre wikiteksten]

Ved Fånefjell er det fire generasjonar veg, langs fire heilt ulike trasear. Dei eldste vegane forbi Fånefjell er ridevegar og var kjende som Fånekleivene. Den eldste ridevegen går rundt fjellet på austsida og er datert til 1500-talet.[1] Den første køyrevegen kom i 1842, også den har trasé over fjellet.[2] Den tredje vegen er eit spesielt interessant veghistorisk kulturminne frå 1923. Denne vegtraseen går rundt fjellet på yttersida mot fjorden, og på eit spektakulært parti der fjellet går stupbratt i fjorden er vegen sprengt inn i den loddrette fjellsida som ein halvtunnel. Den fjerde og nyaste trasen går gjennom fjellet: Fånefjelltunnelen.

Havltunnelen på yttersida av Fånefjell gjorde det mogleg å køyra buss langs Byglandsfjorden. Setesdal Bilruter starta bussrute frå Ose til Bykle i 1920, og nokre år seinare blei ruta forlenga ned til Byglandsfjord. Halvtunnelen er no stengt for all ferdsel på grunn av rasfare.

I Nasjonal verneplan for veg, bruer og vegrelaterte kulturminne blir kulturminna omtalt ved Fånefjell som Fånefjell vegmiljø. I 2009 blei vegmiljøet ved Fånefjell freda etter lov om kulturminne.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Liste over veianlegg som kulturminner[daud lenkje] besøkt 28. oktober 2009
  2. Artikkel om gjenopning av rideveien[daud lenkje] besøkt 28. oktober 2009
  3. Riksantikvaren: Disse 40 vegstrekningene er fredet (21. desember 2009)
  • Vegen og vi. 2005:14.
  • Nettsidene til Setesdal Bilruters om historia til selskapet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]