Færder nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Færder nasjonalpark
nasjonalpark
none  Det freda Færder fyr i Færder nasjonalpark
Det freda Færder fyr i Færder nasjonalpark
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Vestfold:
Areal 340 km²
Oppretta 31. august 2013
Wikimedia Commons: Færder nasjonalpark

Færder nasjonalpark er ein nasjonalpark som ligg i Vestfold fylke, i kommunane Nøtterøy og Tjøme.[1] Parken opna offisielt 31. august 2013, som den 37. nasjonalparken på det norske fastlandet og den første i Vestfold. Verneplanen for Færder nasjonalpark blei vedteke av Kongen i statsråd 23. august 2013.[2] Nasjonalparken blei oppretta for å «bevare eit større naturområde med representative økosystem ved kysten i ytre Oslofjord med særleg vekt på landskap, naturtypar, artar og geologiske førekomstar på land og i sjø og som er utan tyngre naturinngrep».[3]

Nasjonalparken dekkjer eit område på om lag 340 km², derav 325 km² i sjø. Han strekkjer seg frå Ormøy i Nøtterøy kommune i nord til Færder fyr i Tjøme kommune i sør.[4] Ormøy–Færder landskapsvernområde og ei rekkje naturreservat blei lemma inn i nasjonalparken da han blei skipa.[1]

Sandøya, Bolærne, Østre Bustein og Moutmarka er viktige område for ein mangfaldig planteflora og insektfauna. Det er registrert 309 raudlista artar i nasjonalparken, mellom anna kammarimjelle og gul hornvalmue.[5]

Øyane Store Færder og Tristein og det freda Færder fyr ligg innanfor nasjonalparken. Det same gjeld Grevestuen på Mellom Bolæren, ei av dei eldste jakthyttene i Noreg.[3] Delar av dei busette øyane Bjerkøy, Nordre Årøy og Søndre Årøy ligg også innanfor nasjonalparken.[5]

I Færder nasjonalpark er òg sjøbotnen verna.[6]

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Færder nasjonalpark