Fólkaflokkurin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fólkaflokkurin

LandFærøyane
Grunnlagt1939
HovudkvarterTórshavn
IdeologiKonservatisme,[1] liberalisme,[1][2] færøysk nasjonalisme,[1][2] EU-skepsis
Politisk posisjonsentrum-høgre, høgresida

Hin Føroyski Fólkaflokkurin (Radikalt sjálvstýri), oftast berre Fólkaflokkurin (Ff., norsk omsetjing 'Folkepartiet'), er eit konservativt politisk parti på Færøyane.[3] Partiet går inn for å erklæra Færøyane som ein sjølvstendig stat, har ein økonomisk liberal politikk, og ei tradisjonsbunden forståing av kristen etikk i mange sosialpolitiske spørsmål.

Fólkaflokkurin har røtene sine i den økonomiske depresjonen i mellomkrigstida og i radikalisering av den færøysk sjølvstyrerørsla. I 1940 fann nokre av Færøyenes leiande forretningsmenn og ein stor del av sjølvstyrerørsla saman i Fólkaflokkurin, som ville gjera øysamfunnet økonomisk uavhengig og sjølvberga. Etter at Færøyane vart avskore frå det tyskokkuperte Danmark same år, gjekk Fólkaflokkurin òg inn for å erklæra Færøyane som ein sjølvstendig stat. Etter folkerøystinga om sjølvstende i 1946 har partiet vorte meir pragmatisk. Fleire av dei som tidlegare støtta partiet tilhøyrde lekmannsrørsla Brøðrasamkoman, noko som òg har prega partiet. Fólkaflokkurin har oftast hatt sterkast støtte på Norðoyar, Vágar og Sandoy og i Tórshavn, og innan næringslivet, særleg innafor eigarane i skipsfart og fiskeindustrien.[4][5][6]

Fólkaflokkurin er eit av dei fire store partia på Lagtinget, og har òg vore representert i det danske Folketinget. Det har vanlegvis lete vere å røyste over saker som berre er relevante for Danmark, men har inngått i det parlamentariske grunnlaget for borgarlege regjeringar. Jørgen Niclasen er partiformann i Fólkaflokkurin, medan Jákup Mikkelsen er formann i lagtinggruppa.

Politisk program[endre | endre wikiteksten]

I prinsipprogrammet sitt frå 2017 skildrar partiet seg sjølv som eit «borgarleg, sosialt og liberalt nasjonalparti» som «legg vekt på sjølvstende for den einskilde, styrken i fellesskapet mellom menneske, og fridomen for folk og nasjon».

I programmet sitt for 2015–2019 går partiet inn for forhandlingar mellom Færøyene og Danmark om danninga av ein forbundsstat, der forhandlingsresultatet vert lagt ut til folkerøysting. Fólkaflokkurin vil at Færøyene skal overta alle styresmaktsområde som er nemnt i Overtagelsesloven av 2005, i første omgang utlendingepolitikken.[7]

Partiet går inn for ein sjølvberande økonomi og sparsemd på offentlege budsjett. Fólkaflokkurin har stått i spissen for å innføra eit skattesystem med flat skatt på Færøyene. Systemet har likevel ei viss differensiering mellom inntektsnivå. I programmet for 2015–2019 går partiet inn for skattelette for låge og middels høge inntekter.[7]

Færøyene er ikkje medlem av EU, trass i at Danmark er det. I programmet sitt for 2015–2019 går Fólkaflokkurin inn for frihandel på fiskevarar mellom Færøyene og EU, men imot færøysk medlemskap i EU. Partiet ynskjer òg frihandelsavtalar med Russland og Kina. Fólkaflokkurin ynskjer at Færøyene skal få observatørstatus i SN og verta sjølvstendig medlem i Handelsorganisasjonen i verda.[7]

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Alle medlemmane i partiet er medlem av éin av dei sju veljarsamskipnadene, som tilsvarer dei gamle valkrinsane. Den eldste, Havnar Framburðsfelag (Tórshavns Framstegssamskipnad), dekker Suðurstreymoy og er eldre enn Fólkaflokkurin. Det høgaste organet til partiet mellom det årlege landsmøtet er partileiinga, som består av formannen, lagtinggruppa, eventuelle regjeringsmedlemmar, formennene i veljarsamskipnadene og i tillegg éin medlem frå kvar veljarsamskipnad. Ungdomsorganisasjonen HUXA er likestilt med veljarsamskipnadene.

Formannen vert ikkje vald av landsmøtet, men av partileiinga etter framlegg frå lagting- og regjeringsmedlemmane. Formannen sjølv må òg vera lagting- eller regjeringsmedlem. Fólkaflokkurin har ingen nestformann. Formannen og den parlamentariske leiaren er alltid medlemmar av arbeidsutvalet, som tek seg av den daglege leiinga av partiet. Dersom partiformannen òg er parlamentarisk leiar, vel lagtinggruppa ein annan representant til arbeidsutvalet. Dessutan vel partileiinga årleg ein sekretær, kasserer og tre andre medlemmar av arbeidsutvalet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jóannes Patursson, foregangsmann for partistifteinga og første formann 1940–1946.
Anfinn Kallberg var formann og statsminister i ei årrekkje.
Foto: skanephoto.com/ norden.org

I slutten av 1930-åra gjekk Vinnuflokkurin og avhopparar frå Sjálvstýrisflokkurin saman om å stifta eit nytt, konservativt sjølvstyreparti på Færøyene, Fólkaflokkurin. Den 3. desember 1939 vart det kunngjort at Jóannes Patursson, Færøyenes fremste parlamentarikar før andre verdskrigen, tilhøyrde desse kreftane.[8] I løpet av desember gjekk fleire veljarsamskipnader i Sjálvstýrisflokkurin over til Fólkaflokkurin, og den 16. desember vart Patursson vald til formann for eit utval som skulle leggja fram vedtekter for partiet. Den offisielle stiftinga fann stad den 2. januar 1940, og Jóannes Patursson og Thorstein Petersen vart då vald til høvesvis formann og nestformann. I likskap med Vinnuflokkurin, henta Fólkaflokkurin tidleg storparten av sin oppslutning frå fiskeindustrien og privat næringsliv.[9] Fólkaflokkurin tok kanskje over så mykje som halvparten av Sjálvstýrisflokkurin sin medlemsmasse.[10] Fólkaflokkurin brukte den vellukka Sjóvinnubankin som døme på kor viktig ein sterk økonomi var for å oppnå meir sjølvstyre.

Partiet stilte til val for første gong ved lagtingvalet 1940, og fekk 24,7 % av røystene (6 av 24 mandat), og vart det nest største partiet etter Sambandflokkurin. Ved lagtingvalet 1943 vann Fólkaflokkurin i eit valskred med 41,5 % av røystene (12 av 25 mandat). Ved folketingvalet 1943 vart Thorstein Petersen den suverene valvinnaren under slagordet «Fyri Føroyum skulu Føroyingar ráða», «Over Færøyene skal færøyingane rå». Etter slutten av den andre verdskrigen i 1945 fekk partiet 43,4 % av røystene (11 av 23 mandat). Thorstein Petersen var lagtingformann 1943–1945 og 1945–1946, og overtok som partiformann etter Paturssons død i 1946. Ved folkerøystinga på Færøyene 1946, som tok for seg sjølvstyrespørsmålet, stemde fleirtalet for lausriving frå Danmark, men avgjerda vart overstyrt av Folketinget. Dette ledet likevel til Hjemmestyreloven i 1948, som mange innan Fólkaflokkurin rett nok var imot, fordi den ikkje tydde fullt sjølvstyre. Ved nyvalget i 1946 vart Fólkaflokkurin verande det største partien, men partiene som gjekk inn for framleis hopehav med Danmark fekk eit knapt fleirtal. Fólkaflokkurin var det største partiet på øyane fram til valet i 1954, då det vart ei utjamning av oppslutninga rundt partia på Lagtinget. Oppslutninga til partiet har lege jamt ved om lag 20 % av røystene dei siste 40 åra.

Thorstein Petersens politiske og forretningsmessige karrière enda i 1951 med ein dom for økonomiske mislighald. Petersen vart seinare i stor grad frifunne, men detta bana likevel veg for arvtakaren hans, Hákun Djurhuus, og Petersen døydde tidleg i 1960 som følgje av eit fall ombord på ei ferje. I 1950-åra fekk partiet ein fastare struktur med ein sentralt lekk, der D.P. Danielsen vart tilsett som første landsekretær. Hákun Djurhuus leidde partiet fram til 1980, og var statsminister 1963–1967. Jógvan Sundtein var formann 1980–1993, deretter Anfinn Kallberg 1993–2007. Under Kallberg var partiet representert både på Lagtinget og Folketinget, og Kallberg var statsminister 1998–2004. Partiavisa Dagblaðið opplevde fornying og vekst med Óli Breckmann som redaktør, men i 2003 bukka ho likevel under etter årelange økonomiske problem. Partiet var med i Jóannes Eidesgaards andre regjering saman med Javnaðarflokkurin og Sambandflokkurin 2004–2008.

Noverande partiformann er Jørgen Niclasen, som vart vald første gong i ei kampavstemming mot Bjarni Djurholm ved landsmøtet til partiet i 2007. Etter lagtingvalet 2008 hadde Fólkaflokkurin sju representantar. Frå 2008 sat partiet i regjering att saman med Javnaðarflokkurin og Sambandflokkurin i Kaj Leo Johannesens første regjering. I 2010 braut lagtingmedlemmen Poul Michelsen med partiet, som han meinte gjekk i motsett retning av ideologien sin. Michelsen var kjent som betydeleg meir liberal i både sosiale og økonomiske spørsmål og radikal i sjølvstyrespørsmålet enn sina partikollegaer før han melde seg ut.[11] Han meinte òg at ein krins rundt Kallberg forhindra reformer som det tidlegare hadde vore solid fleirtal for i partiet. I 2011 stifta Michelsen det liberale partiet Framsókn, men det fekk ingen umiddelbar innverknad på Fólkaflokkurins oppslutning. Våren 2011 braut Fólkaflokkurin regjeringssamarbeidet etter usemje om finanspolitikken.[12]

Etter lagtingvalet 2011 har Fólkaflokkurin delteke i eit regjeringssamarbeid med Sambandflokkurin, Miðflokkurin og Sjálvstýrisflokkurin. Sjálvstýrisflokkurin braut samarbeidet hausten 2013, men regjeringa hadde framleis fleirtal. Janus Rein, som opphavleg var vald for Framsókn, melde seg inn i Fólkaflokkurin same haust. Dette medførte at partiet for første gong sidan valet i 1988 vart Lagtinget sitt største parti, og for første gong sidan den andre verdskrigen hadde fleire enn åtte representantar.[13]

Formenn[endre | endre wikiteksten]

Valhistorikk[endre | endre wikiteksten]

Lagtingval
År Røyster Mandat
# %
1940 2 084 24,7
6 / 24
1943 4 010 41,5
12 / 25
1945 5 725 43,4
11 / 23
1946 5 396 40,6
8 / 20
1950 3 750 32,3
8 / 25
1954 2 660 20,9
6 / 27
1958 2 467 17,8
5 / 30
1962 3 068 20,2
6 / 29
1966 3 811 21,6
5 / 26
1970 3 617 20,0
5 / 26
1974 4 069 20,5
5 / 26
1978 4 067 17,9
6 / 32
1980 4 399 18,9
6 / 32
1984 5 446 21,6
7 / 32
1988 6 692 23,2
8 / 32
1990 6 234 21,9
7 / 32
1994 4 091 16,0
6 / 32
1998 5 886 21,3
8 / 32
2002 6 352 20,8
7 / 32
2004 6 530 20,6
7 / 32
2008 6 233 20,1
7 / 33
2011 6 882 22,5
8 / 33
2015 6 091 18,9
6 / 33
 

Folketingval[14]

År Røyster Mandat
# %
1943 3 452 48,2
1 / 1
1945 3 990 46,2
1 / 1
1947 4 135 42,7
1 / 2
1957 2 574 37,6
1 / 2
1960 2 158 19,9
0 / 2
1964 2 622 25,0
1 / 2
1966 3 549 33,6
1 / 2
1968 4 294 34,4
1 / 2
1971 2 680 20,4
1 / 2
1973 2 690 20,4
0 / 2
1975 2 957 21,3
0 / 2
1977 2 773 17,0
0 / 2
1979 3 005 16,1
0 / 2
1981 3 073 18,5
0 / 2
1984 4 605 25,1
1 / 2
1987 6 411 28,8
1 / 2
1988 5 655 24,7
1 / 2
1990 4 582 25,6
1 / 2
1994 4 159 21,7
1 / 2
1998 5 569 26,9
1 / 2
2001 5 417 20,5
0 / 2
2005 5 967 24,1
1 / 2
2007 4 726 20,5
0 / 2
2011 3 932 19,0
0 / 2
2015 4 368 18,7
0 / 2
2019 6 181 23,8
0 / 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Skou, Kaare A. (2007). «Folkaflokkurin». Dansk politik A–Å. Leksikon (på dansk) (2 utg.). Lindhardt og Ringhof. ISBN 978-87-11-31440-1. 
  2. 2,0 2,1 «Stevnuskrá Fólkafloksins» (på færøysk). Fólkaflokkurin. 2017. Arkivert frå originalen 1. mars 2019. Henta 14. mars 2019. 
  3. «Lóg fyri Landsfelag Fólkafloksins» (på færøysk). Fólkaflokkurin. Arkivert frå originalen 27. november 2015. Henta 2. januar 2016. 
  4. Wylie, Jonathan (2011). «Eg oyggjar veit? Views, Overviews and Oversights». I Gaïni, Firouz. Among the Islanders of the North. An Anthropology of the Faroe Islands (på engelsk). Fróðskapur. s. 11–56. ISBN 99-9186-534-9. 
  5. Pons, Christophe (2011). «The Anthropology of Christianity in the Faroe Islands». I Gaïni, Firouz. Among the Islanders of the North. An Anthropology of the Faroe Islands (på engelsk). Fróðskapur. s. 102. ISBN 99-9186-534-9. 
  6. Jóansson, Tórður. Brethren in the Faeroes. An Evangelical movement, its remarkable growth and lasting impact in a remote island community (PDF) (Doktorgradsavhandling) (på engelsk). s. 269. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «Valskráin til løgtingsvalið» (på færøysk). Fólkaflokkurin. 2015. Arkivert frå originalen 1. mars 2019. Henta 14. mars 2019. 
  8. Debes, Hans Jacob. Jóannes Patursson. Ein byrjan til eina politiska ævisøgu (på færøysk). Forlagið Søgumál. s. 124. 
  9. «The Faroe Islands: Options for Independence» (PDF). Island Studies Journal (2): 225. 
  10. Wylie, Jonathan. The Faroe Islands: interpretations of history (på engelsk). University Press of Kentucky. s. 170–171. ISBN 0-8131-1578-7. 
  11. «Fólkaflokkurin er læstur fastur í blokeringum». Sosialurin: 6–7. 18. oktober 2010. 
  12. Vestergaard, Jacob. «Fólkaflokkurin kundi ikki taka undir við fíggjarkørmunum» (på færøysk). Fólkaflokkurin. Arkivert frå originalen 1. september 2011. Henta 27. august 2019. 
  13. Hvidtfeldt, Jón Brian (12. september 2013). «Janus Rein í Fólkaflokkin». in.fo. Arkivert frå originalen 20. oktober 2013. Henta 28. desember 2013. 
  14. Nohlen, Dieter og Stöver, Philip (2010). Elections in Europe: A Data Handbook (på engelsk). Nomos Publishers. s. 525ff. ISBN 978-3-8329-5609-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]