Førargarden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nasjonal Samling sin Førargarde vart oppretta som ministerpresident Vidkun Quisling sin vaktstyrke i 1942 og hadde Quisling sine initialar under NS Kamporganisasjon sin ørn og solkross som uniformsmerke.

Førargarden var Nasjonal Samling sin personlege vaktstyrke for ministerpresident Vidkun Quisling og partiet sin paradeavdeling frå 1942 til krigens slutt i 1945. Styrken var samensett av 2-4 kompani, det vil seie rundt 150 handplukka frivillige, og var NS-staten sin einaste, faste styrke som bar våpen. Dei to første kompania vart rekruttert frå Hirden. Eit tredje kompani av politisoldatar vart sette opp i våren 1943. Same haust vart eit fjerde kompani oppretta samesett av dimmiterte og kamptrena soldatar.

Førargarden vart leia av sveitførar Per Carlson (20. april 1942–1. april 1944), Sverre Henschien (1944–1945) og sveitførar Sophus Kahrs (februar–mai 1945).

Førargarden bar dei gamle, mørkeblå gardeuniformane med doble beiser i buksene til galla. Til tenestebruk bar garden vanlege grøne uniformer. Begge uniformstypane hadde båtlue. På venstre jakkeerme bar gardistane NS sin kamporganisasjon sitt emblem med ørn og solkross, samt Quisling sine initialar VQ.

Sjå Òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]