Førdehuset
Utsjånad

Foto: Eirik U. Birkeland
Førdehuset er eit regionalt kulturhus i Førde på 17 500 m². Kulturhuset vart bygd som ein del av satsinga på Førde som vekstsenter, og stod ferdig i 1976. I 1996 vart det utvida frå 12 000 m² til 17 500 m².
Huset vart teikna av arkitekten Peder Ristesund.
Bygget inneheld ei rekkje kulturtibod, som Førde bibliotek, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, kunstnarsenteret i fylket, idrettshall, symjehall, kino, Sogn og Fjordane Teater, i tillegg til kontora til kulturetaten i Førde kommune, Reisemål Sunnfjord og Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. Førde stadion er også tilknytt Førdehuset.
Store årlege arrangement i Førdehuset
- Førdefestivalen
- Krimfest Sunnfjord
- Førde Cup
- Gjør din bolig Bedre messa
- KFUK-KFUM Nattcup
- Bil i Førde messa
- Konsertar, show, skodespel m.m.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Torkjell Djupedal. Førde - kulturhistorisk vegvisar, Selja forlag, 1998
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |