Førdespollen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Førdespollen er ein fjordarm av Bømlafjorden og Hardangerfjorden i Sveio kommune. Han ligg på sørsida av fjorden og strekkjer seg om lag 6,5 km sørover til tettstaden Førde.

Innløpet ligg rett nordaust for Auklandshamn mellom Grimsholmen og Straumøynappen. Like innanfor innløpet ligg grenda Straumøy på austsida og på andre sida av Sagvika ligg Lindås. Fire om lag like store øyar ligg inne i pollen, kalla Lindøya, Kalløya (vestre og austre), Bjørnøya og Drangsøya. Rett sør for Bjørnøya ligg Førde, som fjorden er kalla opp etter. E39 går gjennom Førde og langs den inste delen av fjorden.