Førresfjorden sokn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Førresfjorden er eit sokn i Tysvær kommuneHaugalandet i Rogaland fylke. Det har omtrent 6 200 inbyggjarar (2013) og omfattar den nordvestre, folketettaste delen av kommunen. Soknet har to tettstader, Førre og Aksdal, med kvar si kyrkje. Førre (Førresfjorden) kyrkje vart innvigd i 1893, mens Aksdal kyrkje er frå 1995. Soknet høyrer til Haugaland prosti.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Førresfjorden er eit ikkje særleg gammalt sokn. Det vart oppretta i 1893, same år som kyrkja stod ferdig, ved frådeling av den nordre delen av Avaldsnes prestegjeld. Soknet hadde då 782 innbyggjarar.

Ved oppløysinga av Avaldsnes kommune i 1965 vart Førresfjorden sokn lagt til Tysvær kommune (unnateke Kolnes krins som følgde med storparten av Avaldsnes inn i Karmøy kommune og vart tilbakeført til Avaldsnes sokn). I 1988 vart Førresfjorden sokn utvida, då krinsane Grinde, Halleland og Sundfør vart overførte frå Skjoldastraumen kapelldistrikt i Nedstrand sokn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]