Amanuensis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Førsteamanuensis)

Amanuensis er i Noreg ei vitskapleg mellomstilling ved universitet og høgskular. Det latinske opphavet til ordet er «(servus) a manu», som i romarriket var namn på ein tenar eller slave som var skrivar og førte rekneskap.

Personar tilsett i amanuensisstillingar har hovudfag, embetseksamen eller tilsvarande. Med doktorgrad eller tilsvarande kompetanse (dvs. førstestillingskompetanse) er ein kvalifisert for opprykk til førsteamanuensis. Ved vidare kvalifisering kan ein deretter bli professor.

Amanuensis er ei stilling på same nivå som universitetslektor og høgskulelektor. Personar blir ikkje lengre tilsett med stillingstittelen amanuensis, men det finst framleis nokre som har denne tittelen. Nytilsette på dette nivået blir tilsette som universitetslektorar eller høgskulelektorar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]