Førstelektor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Førstelektor (frå latin lector, førelesar) er ein tittel på nokon som er tilsett i ein slik forskings- og undervisingsstilling ved enten eit universitet eller ein høgskule. For å bli førstelektor må ein få godkjent førstestillingskompetanse.

Førstelektor-stillinga er ei mellomstilling innan undervising, læring, formidling og utviklingsarbeid på høgt nivå, og er eit undervisingsorientert alternativ til den meir forskingsorienterte stillinga som førsteamanuensis, som har større krav til vitskapleg kompetanse.