Førstestillingskompetanse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Førstestillingskompetanse er den kompetansen ein må ha for å få stilling som førsteamanuensis (ved universitet og høgskular) eller førstelektor (ved høgskular).

I utgangspunktet krev førstestillingskompetanse at ein har doktorgrad, eller at ein har tilsvarande vitskapleg kompetanse. Dette kan ein oppnå gjennom vitskapleg publisering av tilsvarande omfang som ein doktorgrad. For å bli førstelektor, som hovudsakleg er ei opprykksstilling for høgskulelektorar, blir det stilt andre og ikkje så vitskapleg retta krav.