Føynland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Føynland
Føynlandbrua frå Føynland og Husøy til Nøtterøy
Føynlandbrua frå Føynland og Husøy til Nøtterøy
Geografi
Norway - Føynland.png
Stad Ytre Oslofjord
Koordinatar 59°14′N 10°27′EKoordinatar: 59°14′N 10°27′E

Høgaste punkt 42 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestfold

Demografi
Folketal 1400

Føynland, tidlegare òg skrive Foynland, er ei lita øy mellom Nøtterøy og Husøy i Færder kommune i Vestfold. Øya har rundt 1400 innbyggjarar fordelt på 450 husstandar. Føynland har brusamband til Nøtterøy og til Husøy over Myrasundet. Den eine brua til Nøtterøy er særs gammal og verneverdig. Føynland har sidan tidleg på 1990-talet vore prega av sterk utbygging. Om sommaren finn mange turistar vegen til Fjærholmen sør på øya, der det er badeplass, campingplass og båthamn for seglforeininga i Tønsberg og andre.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Frå gammalt av var øya delt mellom tre gardar, Bjørnebu og Nordre og Søndre Foyn (Føyn). Heile øya, det vil sei alle dei tre gardane, skal ha høyrt til St. Olavs kloster i Tønsberg fram til reformasjonen. Då vart gardane overdratt til krona, som pantsette gardane i 1644 til rådmann og kjøpmann Anbjørn Lauritsen. Tidleg på 1700-talet vart dei tre gardane seld til tre forskjellige eigarar. Alle gards- og bruksnummer på øya, òg andre småbruk, er seinare utskild frå desse tre gardane.

Øya har skifta namn oppgjennom historia. Frå gammalt av har namnet på øya vore Føenland (skal ha kome frå «féøy»), seinare Føienland, for så i moderne tid ha vore Foynland, før det frå departementalt hald vart fastslått at namnet på øya skulle vere Føynland. Namnet Foynland er derimot framleis i bruk på folkemunne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]