Füssen
| Füssen | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Bayern | ||
| Areal | 43,48 km² | ||
| Folketal | 15 334 (31. desember 2025)[1] | ||
![]() Füssen 47°34′00″N 10°42′00″E / 47.566666666667°N 10.7°E | |||
| Wikimedia Commons: Füssen | |||
Füssen er ein by og ein kommune med 15 800 ibuarar i regionen Allgäu, sørvest i Bayern i Tyskland. Byen ligg 808 meter over havet og er den høgstliggjande byen i Bayern. Gjennom byen renn elva Lech. Kommunen er 43,5 km² vid.
Füssen utvikla seg under romarriket gjennom vegstrekninga Via Claudia Augusta som knytte den tyske byen Augsburg saman med maktbastionar i Nord-Italia. I tida 1486-1505 fekk biskopane i Augsburg bygt Hohe Schloss over mellomalderbyen Füssen og gjorde borga til sin sommarbustad. Ein fredsavtale mellom Habsburgmonarkiet og kurfyrstedømet Bayern vart inngått her 22. april 1745.
I dag er regionen rundt Füssen eit mykja nytta reisemål, kjent for kongeslotta Neuschwanstein og Hohenschwangau, som begge ligg nærområda til byen.
Skiskyttaren Michael Greis er frå Füssen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Alle politisch selbständigen Gemeinden mit ausgewählten Merkmalen am 31.12.2025 (på tysk), Statistisches Bundesamt, 27. august 2026, Wikidata Q141265959, henta 3. september 2026
- Denne artikkelen bygger på «Füssen» frå Wikipedia på tysk, den 12. november 2022.
