Făgăraşfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Făgăraşfjella ligg midt i Romania

Făgăraşfjella er den høgaste fjellkjeda i Dei sørlege Karpatane i Romania. Dei høgaste toppane er Moldoveanu (2544 m), Negoiu (2535 m), Viştea Mare (2527 m), Lespezi (2522 m), Vânătoarea lui Buteanu (2507 m) og Dara (2501 m).

Dei grensar i nord til Făgăraşsenkinga, der elva Olt renn og i vest til Oltdalen (Valea Oltului). Byen Făgăraş ligg nord for fjella. Den viktigaste byen i området er Sibiu.

Ein veg kalla Transfăgărăşan kryssar Făgăraşfjella.

Det er mange bresjøar i fjella. Bâlea (2034 m, 46 508 m², 11,35 m djup) er den største innsjøen. Den høgastliggande innsjøen er Hărtopul Leaotei og den djupaste er Podragu (2140 moh, 28 550 m², 15,5 m djup). Andre innsjøar er Urlea (2170 m, 20 150 m²) og Capra (2230 m, 18 340 m²).

Făgăraşfjella er eit populært turområde og ein skidestinasjon.

Biletgaller[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]