F.E.A.R.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
F.E.A.R. First Encounter Assault Recon
Utviklar(ar)Monolith Productions (PC); Day 1 Studios (Xbox 360, PlayStation 3)
Utgjevar(ar)Vivendi
Design(ar)Craig Hubbard
Plattform(er)Xbox 360, PlayStation 3, Microsoft Windows
Utgjeving18. oktober 2005
SjangerFPS, skrekk
MotorLithtech: Jupiter EX
Versjon1.08 (20. oktober 2006)
MediumDVD
AldersgrensePEGI: 18+

F.E.A.R. First Encounter Assault Recon er eit fyrstepersonsskytespel for datamaskin og spelkonsoll utvikla av Monolith Productions og gjeve ut av Vivendi.

Det vart gjeve ut den 18. oktober 2005 for Windows og portert av Day 1 Studio til Xbox 360 og PlayStation 3. Den fyrste tilleggspakken F.E.A.R. Extraction Point vart utgjeven i oktober 2006 av Timegate Studios. Ein tilleggspakke nummer to vart gjeven ut i november 2007, F.E.A.R. Perseus Mandate.

Historia i spelet spinn rundt eit overnaturleg fenomen som F.E.A.R., ein oppdikta spesialstyrke, skal ta seg av. Spelaren har rolla som F.E.A.R.-lagets frontmann, som har overmenneskelege refleksar og som må slåst mot ein armè av klona supersoldatar.

Spelet er inspirert av japansk grøss/horror. Frontmannen har fleire gongar hallusinasjonar der overnaturlege ting skjer; og den raudkledde jenta Alma og mannen som styrer klonehæren, Paxton Fettel, spelar her ei sentral rolle. Spelet utnyttar seg av psyokologisk grøss snarare enn grøss der sjokkmomentet spelar største rolla.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]