F. Bruns Bokhandel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart seld (trykt?) på F. Bruns bokhandel i 1918.
Brunhjørnet ved krysset mellom Nordre gate og Kongens gate i Trondheim.
Foto: Cato Edvardsen (2009)

F. Bruns Bokhandel var ein norsk bokhandel og forlag i Trondheim, etablert 1873 av Andreas M. Brun og Anton Heiberg. Frå 1876 var Brun eineeigar. Namnet kjem frå Fridthjov Brun, son av Andreas Brun. Firmaet har mottatt prisen «Årets Bedrift» i Trondheimsregionen, og var lenge mellom blant byens sterkaste merkenamn. Bokhandelen hadde fleire filialer i byen og i nabokommunane.

Gyldendal bygde opp si eiga bokhandlarkjede Ark kjøpte dei i 2000 bokhandeldelen av selskapet frå fjerde generasjon Brun. Hovudbutikken på «Brunhjørnet» øvst i Nordre gate heiter no Ark Bruns. Familien Brun eig framleis eigedomen på Brunhjørnet.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Som forleggar har firmaet stått for ei rekke viktige utgjevingar innan kultur og lokalhistorie, mellom desse:

  • Sven Svensen (1901). Grammatik for folkeskolen. F. Bruns Bokhandel, Trondhjem.  [16 sider]
  • Sven Svensen (1903). Grammatik II. F. Bruns Bokhandel, Trondhjem.  [20 sider]
  • Halvdan Koht (red.), Våre høvdinger. 70 livsskildringer med portretter (1929)
  • A. Chr. Føyn og O. Juel, Lærebok i praktisk regning (1936)
  • Ole Konrad Ribsskog (1938). Trondheim folkeskole under skoleloven av 1889. F. Bruns Bokhandel.  [257 sider]
  • Henry Røsoch, Trondheims historie (1939)
  • Esten Kromlær, Æ kose mæ læll (1941)
  • Christian Gierløff (1941). Tordenskjold. F. Bruns Bokhandel. 
  • Nils A. Ytreberg, Handelssteder i Finnmark: historie, handelsliv, reise og fest (1942)
  • Axel Coldevin, Jordegods og storgårder (1943)
  • Nils P. Vigeland, Norsk seilskipsfart erobrer verdenshavene (1943)
  • Paul Lorck Eidem, red. (1945). Av nød til seir. Norge gjennom krigsårene 1940-1945. F. Bruns Bokhandel.  [Minnehefte]
  • Per Bøhn, IMI – norsk innsats i kampen om atomkraften (1946)
  • Pola Gauguin (1946). Grafikeren Edvard Munch, litografier. F. Bruns Bokhandel.  [94 sider]
  • Voltaire, Candide (1946). Oversatt av Chrix Dahl
  • Finn Amundsen (red.), Norsk idrett siden frigjøringen (1949)
  • Einar K. Aas og Peter Wessel Zapffe, Vett og uvett (1950)
  • Helge Thiis (1953). Nidarosdomen i billeder. F. Bruns Bokhandel. 
  • Johan Schreiner, red. (1955–73). Trondheim Bys historie. F. Bruns Bokhandel.  [Fem bind]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]